Ny nettside og tydelegare bodskap for Sognaregionen

Seks kommunar, mange samarbeid og mykje godt innhald. Med ny nettside har Sognaregionen fått ein tydelegare digital profil og ein struktur som gjer det enklare å vise kva dei jobbar med og finne fram i alt som skjer på tvers av kommunane.

Sognaregionen er samarbeidet mellom Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og Vik. Her blir det samarbeidd om alt frå samfunns- og næringsutvikling til mobilitet, klima og felles kommunale tenester.

Med mange fagområde, prosjekt og målgrupper var det mykje som skulle få plass på den nye nettsida. Målet var å rydde, strukturere og gjere det enklare å forstå både kva Sognaregionen er og kva dei jobbar med.

Gode malar og godt lagarbeid

Vi har utvikla designet og bygd nettsida i Squarespace, med malar og faste oppsett som gjer det enklare å presentere ulike typar innhald på ein ryddig og heilskapleg måte.

Sognaregionen har sjølv gjort ein stor jobb med å rydde, strukturere og legge inn innhaldet. Undervegs har vi hjelpt til med oppsett, justeringar og mobiltilpassing, slik at sidene fungerer godt på tvers av skjermstorleikar.

Det har vore mange sider å halde styr på, men også eit veldig godt samarbeid mellom kunden og oss gjennom heile prosessen.

Korleis teiknar ein eigentleg ein region?

Som ein del av prosjektet fekk vi også ei litt annleis utfordring: Vi skulle lage ein illustrasjon som viste samarbeidet mellom dei seks kommunane.

Enkelt, sant?

Vel. Det vart nokre rundar med idémyldring.

For Sogn er seks kommunar, men samtidig éin region. Kommunane er knytte saman av Sognefjorden, samtidig som fjorden også deler landskapet. Korleis får ein fram alt dette i éin enkel illustrasjon?

Etter skisser, idéar og nokre rundar fram og tilbake landa designaren vår Hilde Nes på løysinga. Ein enkel illustrasjon som viser dei seks kommunane, fjorden som bind dei saman og tanken bak heile samarbeidet:

Éin region. Felles kraft.

Vi synest ho trefte skikkeleg godt.

No er sidene ute!

Resultatet er ei nettside som skal gjere det enklare å finne fram i alt som skjer på tvers av kommunane og samtidig vise fram kor mykje som faktisk skjer når seks kommunar dreg i same retning.

Tusen takk til Sognaregionen for tilliten, det gode samarbeidet og for at de har vore så gode å jobbe saman med. Vi synest resultatet har blitt skikkeleg fint og håpar de gjer det same!

Ta ein kikk på dei nye nettsidene på sognaregionen.no

Emilie Brynjulfsen

Emilie er digitalrådgivar i Gasta. Ho brenn for digital marknadsføring, gode nettsider og smarte løysingar – og synest det er ekstra spennande å utforske korleis AI endrar måten vi søkjer og kommuniserer på.

emilie@gasta.no

Neste
Neste

Over 20 år med Nor Tekstil som kunde