Lansering for to nye Gasta-kunder

pedertellefsdal.no vart nyleg lansert.

Det er moro å kome tilbake etter ferien og ferdigstille nettsider for heilt nye kundar i Gasta.

Peder Tellefsdal er forfattar, føredragshaldar og kommunikasjonsrådgivar. Han kom i kontakt med Gasta i mai, då han leitte etter hjelp til å lage ei skreddarsydd nettside i Squarespace – som han alt hadde snusa litt på. Saman utvikla vi ei flott og personleg nettside.

Humanistisk Ungdom tok kontakt med behov for ei ny nettside med betre struktur. Dei hadde ei tungvint side i Wordpress frå før og ville finne eit betre verktøy. Squarespace er for oss ei naturleg løysing – og det meinte dei òg. Vi hadde eit godt samarbeid med generalsekretæren, Christina Eide.

Og veit du, begge har fokus på mennesket. Både på jobb og på nettsida. Her er det fine bilete av folk, noko vi trur har gjort at begge nettsidene har blitt verkeleg flotte – og ekte!

Velkomne som kundar i Gasta, begge to:

humanistiskungdom.no lansert saman med generalsekretær Christina Eide.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Finaleplass i USA for Kviknes Hotel si digitale historieforteljing

Neste
Neste

Optimaliser nettsida for AI-søk: Her får du 6 gode tips frå Squarespace