God sommar til alle fantastiske kundar

Vi er snart klar for ferie, men gler oss til å starte opp att i august - med to nytilsette!

Vi startar nemlig hausten med å onboarde to nye digitale rådgivarar i Gasta i september. Ein i 100 % stilling og ein i 50 % stilling. Vi skal presentere dei skikkeleg når dei kjem, men det betyr at hausten byr på ny kunnskap, meir kapasitet og eit fornya Gasta. Og så betyr det to nytilflyttarar til Sogn 🫶🏻

Vi kan tilby betre rådgjeving og meir kompetanse på mellom anna digital marknadsføring og retail/nettbutikk - noko vi håper kundane våre dreg nytte av. Men først ein god pause!

God sommar og takk for alle gode samarbeid og fantastiske kundar vi får jobbe med - de er gull 🥇🌟

Vi er tilgjengeleg gjennom sommaren, men sit ikkje på kontoret kvar dag i juli. Ring 57 62 77 70 eller send e-post til post@gasta.no så hjelper vi deg så fort vi kan!

Tradisjonen tru regna det på sommertur med kontorgjengen. Astri, Ragnhild, Asbjørn, Frode, Hilde, Bjarte, Ingvild, Vidar og Simon oppstilt foran Briksdalsbreen.

Våt, men glad gjeng. Håper vi brukte opp litt av regnet før ferien ...

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Neste
Neste

Gasta har blitt Squarespace Circle Platinum Partner