Difor bør du konvertere til Squarespace 7.1
Vi har konvertert mange nettsider til den nyaste versjonen i Squarespace, men ikkje alle. Er du ein av dei som enno ikkje har fått nettsida di over på versjon 7.1?
Det er mange gode grunnar til å oppgradere til den nye versjonen, og nokre av dei ser du under. Det som er sikkert, er at det er i denne versjonen all vidare utvikling i Squarespace skjer, så du bør gjere det snart. Har du i tillegg behov for ein finpuss eller forbetring av nettsida di, er dette ei fin anledning til å gjere det samtidig.
Fordelar med den nye plattforma:
Squarespace lanserer berre nye funksjonar på Squarespace 7.1, sjølv om dei (og vi i Gasta) framleis vil støtte og gi support på 7.0.
Du får tilgang til Fluid Engine, det nyaste “drag & drop”-redigeringsverktøyet. Det blir mykje lettare å jobbe med innhaldet, sidan du kan flytte element akkurat der du vil.
Betre for deg om du er oppteken av søkemotoroptimalisering og vil bli funnen på søkemotor.
Ny funksjonalitet “Saved sections” som let deg lagre seksjonar du har laga, og enkelt nytte dei fleire stader på nettsida (arbeidsbesparande!).
Betre på mobil, ettersom du kan justere på mobilvisninga utan at endringane får effekt på desktop-versjon.
All ny funksjonalitet med AI er lansert berre på 7.1. Bl.a får du tilgang til AI Visibility, som viser korleis nettsida di framstår på AI-søk.
Betre støtte for universell utforming.