“Om oss” er viktigare enn du trur

Denne sida er ofte ein av dei mest besøkte på heile nettstedet ditt, og kanskje den aller viktigaste. Her gir vi deg nokre tips til kva ein god «Om oss»-side bør innehalde.

For ein del bedrifter er «Om oss»-sida noko ein lagar i forbifarten. Litt om historia, kanskje eit bilete av dei tilsette, og så ferdig. Men vi i Gasta ser at dette ofte er blant dei mest besøkte sidene på nettstader vi lagar. Difor er ho også blant dei viktigaste.

Kvifor er sida viktig?

Når ein potensiell kunde vurderer å ta kontakt, handlar det om tillit. Dei vil vite kven de er, og om de er til å stole på. «Om oss»-sida er ofte der dette inntrykket blir forma. Er sida vag, generell eller utdatert, skapar det usikkerheit. Og usikkerheit gjer det vanskelegare å velje dykk.

Ofte speglar «Om oss»-sida merkevara di. Er ho uklar eller generell, er det gjerne fordi merkevara heller ikkje er tydeleg nok definert. Kanskje er posisjoneringa utydeleg.

Når bedrifta di skal forklare kven de er og kvifor de finst, blir det fort tydeleg om de eigentleg har svara klare. Difor er denne sida også ein god test på kor godt de kjenner dykk sjølve.

Sjå gjerne korleis vi i Gasta har utforma vår side

Dette bør ei god «Om oss»-side innehalde

Ei god side gir tydelege svar. Ho gjer det lett å forstå kven de er, kva de tilbyr, og kvifor de er eit godt val. Ho er relevant for målgruppa, truverdig i det ho seier, og personleg nok til å skape ein relasjon.

Kort sagt: Ho gjer det enklare for kunden å velje nettopp dykk.

Då må de by litt på dykk sjølve:

  • Ha med bilete av bedrifta. Vis dei tilsette, gjerne situasjonsbilete frå kvardagen

  • Vis kva problem de kan løyse

  • Forklar korleis de jobbar og kva kundane kan forvente undervegs

  • Vis kompetansen i teamet og korleis de jobbar saman

  • Ta med relevante sertifiseringar

  • Snakk om verdiar og berekraft på ein ærleg og menneskeleg måte

Ikkje lag «Om oss»-sida for lang. De kan gjerne lenkje vidare til andre sider, men hugs at mange kjem inn hit utan å vite så mykje om dykk. Skriv difor som om lesaren startar på null.

Eit godt døme

Eit godt døme er Choppycast av Frivind, ei verksemd lokalt i Sogndal med global rekkevidde. Dei hadde ei ganske lita «Om oss»-side med eit fint, men lite forklarande bilete av lokala og Sognefjorden, og to korte avsnitt om kven dei er og kor det heile starta.

Dette var den nest mest besøkte sida på nettstaden, men det var ikkje så lett å forstå kva behov dei kunne løyse for kundane. Kundane forstod ikkje heilt kva dei faktisk kunne tilby.

Vi tok eit arbeidsmøte der vi jobba med tekst og struktur. Deretter sende vi ein fotograf til lokala og fekk tatt fleire situasjonsbilete av folk i arbeid. Dei ønskte ikkje profilbilete av dei tilsette, men vi la inn tekst som forklarte kva dei jobbar med.

Etter nokre rundar med tilpassing av tekst og design vart resultatet ei meir truverdig og personleg side. I tillegg vart det lettare for både kundar og søk, inkludert AI-baserte søk, å forstå kva Choppycast er og korleis dei jobbar.

Folk, prosess og fag. I tillegg litt om kvar dei er i dag, samanlikna med der dei starta.

Sjå heile «Om oss»-sida her.

Treng du å jobbe med «Om oss»-sida?

Til sjuande og sist handlar «Om oss»-sida ikkje berre om å fortelje kven de er, men om å gjere det enkelt for andre å forstå kvifor dei skal velje dykk. Når de klarer å vere tydelege, konkrete og litt personlege, byggjer de tillit før den første samtalen i det heile tatt har starta.

Kjenner de at dette er vanskeleg å få heilt til? I Gasta jobbar vi med å spisse bodskap, strukturere innhald og skape nettsider som byggjer tillit og gjer det enklare å bli valt.

Ta gjerne kontakt om de vil sjå på «Om oss»-sida dykkar saman med oss.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Hugs å oppdatere opningstidene dine før ferien