Gasta på E-handelsdagen 2026: Dette tok vi med oss

Kva fungerer i praksis for norske nettbutikkar i 2026? Digital rådgivar Marianne Pham var tilstades i Oslo for å få med seg siste nytt.

Full sal under E-handelsdagen 2026, der konferansier Fredrik Skavlan leia programmet på scena.

Konferansen E-handelsdagen samla nokre av dei største og mest tonegivande aktørane innan netthandel i Oslo 21. april 2026. Frå Klarna, Vipps og Bring til Komplett og Csoaps. Med eit tydeleg fokus på effekt, handla dagen mindre om buzzord og meir om det som faktisk fungerer i praksis for norske nettbutikkar.

Sjølv om underteikna blei litt starstruck av konferansier Fredrik Skavlan, var det mykje nyttig kunnskap å ta med seg tilbake til Gasta-kontoret og Gasta-kundane.

 

5 lærdommar frå E-handelsdagen 2026:

1. Kundane dine forventar at du tek ansvar heile vegen

Det held ikkje lenger å sende kunden vidare til ein annan plass. Kundane forventar at du eig prosessen og følgjer dei heile vegen, også når andre leverandørar er involverte. Blir ansvaret uklart, skapar det usikkerheit for kunden. Det kan koste deg som aktør tilliten deira.

2. AI-agentar kjem, også for B2B

AI-agentar er allereie i ferd med å gjennomføre kjøp på vegne av forbrukarar, altså at ein får hjelp til å gjere kjøpsprosessen istadenfor å gjere den manuelt sjølv.

Neste steg? Det same vil skje for B2B (business-to-business).

Mange kjøper i dag tenester dei eigentleg ikkje har full oversikt over. Kva skjer når ein AI-agent skal ta vurderinga for dei? Då held det ikkje å vere synleg. Du som aktør må vere forståeleg, relevant og truverdig.

3. Checkouten din lek meir enn du trur

På generelt grunnlag er det slik at opptil 70 % av kundar ikkje fullfører kjøpet.

Grunnane til det er ikkje alltid kompliserte, men mange nettbutikkar overser dei:

  • Prisen opplevast for høg

  • Fraktval er uklare eller dårlege

  • Leveringstid er for lang eller utydeleg

  • Returvilkår er vanskelege å finne

Dette er ikkje lenger berre detaljar, men kan faktisk utgjere skilnaden mellom sal eller ikkje sal.

Tal og innsikt om kundeadferd, presentert av Bring under E-handelsdagen 2026.

4. Sterke merkevarer tek tydelege val

Vaskemiddelaktøren Csoaps viste korleis tydelege verdiar, gode produkt og ein konsekvent tone kan vere nok, utan at ein treng å jage kampanjar.

I ein marknad full av støy er det ofte dei som vågar å vere konsekvente som vinn, kkje dei som prøver litt av alt.

5. AI er ikkje lenger eit konkurransefortrinn, men ei forventning

AI blei løfta fram som ein grunnleggande del av framtidas arbeidskvardag. Men det aller viktigaste poenget var kanksje at AI berre fungerer så godt som informasjonen og konteksten du gir han.

Dei som lukkast framover er ikkje nødvendigvis dei som brukar AI mest, men dei som brukar det smartast til å redusere manuelt arbeid og ta betre avgjerder.

Oppsummert

E-handelsdagen 2026 var både inspirerande og lærerik, med fleire spennande innlegg frå store aktørar innan e-handel og nettbutikk. Fleire av innlegga handla i stor grad om éin ting: Ein må slutte å snakke, og begynne å gjere det som faktisk gir effekt.

Og kanskje det viktigaste av alt: Dei beste resultata kjem sjeldan frå store, fancy tiltak – men frå å gjere dei grunnleggande tinga skikkeleg bra.

Gasta tilbyr nettbutikk i Squarespace. Vi er ein partnar som bryr oss om heile kundereisa og lagar nettbutikkar som leverer. Nysgjerrig? Ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Marianne Pham

Marianne er digital rådgivar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundene våre, og er ekspert på nettbutikk og annonsering.

marianne@gasta.no

Neste
Neste

“Om oss” er viktigare enn du trur