Hugs å oppdatere opningstidene dine før ferien
Dei fleste stoler på opningstidene dei ser i Google.
Mange søker på nett for å finne opningstida di. Då er det viktig at den faktisk stemmer - også på raude dagar og i ferie.
Dei fleste går ut ifrå at informasjonen på t.d. Google og Facebook stemmer, og tek seg ikkje tid til å dobbeltsjekke andre stadar. Då hjelper det ikkje at du har skrive på nettsida di at du har stengt i ferien.
Google: Styrast frå Google Min Bedrift
For å endre opningstidene som visast i søkeresultatet og i kartet på Google Maps, må du logge inn på Google Min Bedrift. Dette er Google sin plattform for å administrere bedriftsinformasjon i søkeresultat.
Her kan du legge inn dei vanlege opningstidene dine, samt spesielle datoar (høgtider, feriar etc).
NB! Har du ikkje tilgang til Google Min Bedrift, må du ta eigarskap til bedrifta di først. Treng du hjelp med det, kan du ta kontakt med oss.
Slik blir du synleg i søk med Google Min Bedrift
Facebook: Endrast inne på bedriftssida
Er du administrator på Facebook-sida til bedrifta, kan du gå til sida og velje “Bytt” slik at du opptrer som sida i staden for deg sjølv. Velg fana “Om”, scroll ned “Detaljar” og klikk på opningstidene for å redigere.
Nettside: Legg til info i Squarespace
Det kan vere lurt å skrive ein stad på nettsida di viss du har spesielle opningstider i ferien eller held stengt. Dette kan til dømes stå som ein eigen aktuelt-sak eller ligge på kontakt-side eller i footer.
Treng du hjelp med å formidle dette i Squarespace, berre gje oss ein lyd.