Dette området på nettsida er avgjerande

Når vi utviklar nye nettsider, startar vi ofte med eit enkelt spørsmål: Kva skal stå øvst på startsida?

Toppseksjonen - også kalla bannerområdet eller hero-section – burde vere enkel å lage. Ei overskrift, ei kort forklaring og ein knapp. Likevel stoppar mange prosjekt akkurat her.

Grunnen er enkel: Toppseksjonen avslører om merkevara eigentleg er tydeleg.

Toppseksjonen på Peder Tellefsdal. Headline har fokus på kva behov tenesta dekker. Subheadline fortel korleis Peder Tellefsdal dekker det.

Kvifor er toppseksjonen så viktig?

Toppseksjonen er det første dei besøkande ser når nettsida lastar. Difor må mykje av jobben til nettsida skje akkurat her. Forsking på brukaråtferd viser kor viktig dette området er. 57 % av all visningstid på ei nettside skjer over folden.** Samtidig dannar folk eit førsteinntrykk av ei nettside på brøkdelen av eit sekund.

Er toppseksjonen uklar, kan besøkande forsvinne før dei i det heile begynner å lese.

Den mest konsentrerte versjonen av merkevara

Toppseksjonen er den mest synlege plassen på nettsida. På få sekund må ein ny besøkande forstå kva du tilbyr, kven det er for og kvifor det er relevant.

Difor er toppseksjonen eigentleg den mest konsentrerte versjonen av merkevara di.

Eller sagt enkelt: Toppseksjonen er destillert merkevarestrategi. Når bodskapen er tydeleg, blir resten av nettsida lettare å forstå. Når bodskapen er uklar, hjelper det lite med fine foto eller animasjonar.

Når toppseksjonen blir vanskeleg

Mange trur utfordringa ligg i tekst eller design. I praksis handlar det ofte om strategi. Bedrifta prøver kanskje å snakke til alle. Merkeløftet er uklart formulert. Det er uklart kva behov du skal dekke og korleis du dekker det. Eller det er ikkje definert kva kategori verksemda eigentleg konkurrerer i.

Når desse tinga ikkje er tydelege, blir også toppseksjonen utydeleg.

Ein enkel test

Opne framsida av nettsida di og sjå berre på det som er synleg før du scroller.

Kan ein ny besøkande forstå kva du tilbyr på tre sekund?

Dersom svaret er nei, ligg problemet sjeldan i designet. Det ligg i bodskapen.

Bulbitech: Merkeløftet sentralt plassert. Så er det lov å vere kreativ, som her i bruken av video. Sjekk ut!

Når toppseksjonen fungerar

Toppseksjonen er ikkje pynt. Det er staden der strategi, merkevare og kommunikasjon møtest. Når du er tydeleg på kva behov du dekker, kven du snakkar til og kvifor kundar skal velje ditt selskap, blir også toppseksjonen enkel.

Og når toppseksjonen fungerer, skjer det ofte noko anna også: Heile nettsida blir tydelegare.

Då gjer toppseksjonen jobben sin! Det gir brukaren ei rask forståing av kva bedrifta handlar om – og kvifor det er verdt å bli verande.


Les også: Gasta og rebranding

Ta kontakt for meir informasjon

** Kjelde: Composite Global

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, med lang erfaring innan web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

https://gasta.no
Neste
Neste

Når uttrykket spriker, er det tid for rebranding