Enda betre rusta til å styrke innhaldet ditt

Ragnhild er attende frå mammapermisjon og klar til å styrke Gasta sitt arbeid med målretta innhald.

Vi kan skrive for målgruppa. Gode og treffsikre tekstar skapar positiv merksemd rundt nettsida di. No er vi enda fleire med kompetanse til å gjere denne jobben for deg som kunde.

Kort og greitt – men ikkje tilfeldig

Ragnhild er utdanna journalist, med erfaring frå NRK, Sogn Avis og Adresseavisen. Etter fleire år som kommunikasjonsrådgjevar i Skatteetaten, har ho brei erfaring med kampanjar, klarspråk, strategisk- og intern kommunikasjon. 

– Saman blir vi einige om kva som er strategisk viktig for deg å formidle og kven du vil nå. Eg gjer research, intervjuar og skriv tekstane klare for deg.  

I tillegg til å nytte eit klart og enkelt språk, har vi alltid fokus på søkemotoroptimalisering. 

– Vi vil bidra til at du brukar ord som gjer deg synleg for målgruppa di. Her er mange om merksemda og vi vil hjelpe deg å ta din plass.

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat, så finn vi ut om du kan overlate tekstarbeidet ditt til oss.

Kompetansen som gir eit heilskapleg produkt

I Gasta er vi eit team av utviklarar, designarar, markedsførarar og journalistar, som saman kan sikre at nettsida di leverer på både funksjon, design og innhald.

 Med ei heilskapleg, god nettside står du styrka i møte med både nye og trufaste kundar.

Les meir om vår satsing på målretta innhald og markedsføring her.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No må du over på nye Google Analytics 4

Neste
Neste

Vi har signert Grønnvaskingsplakaten