Desse tala bør du sjå på i Squarespace Analytics

I Squarespace sitt analyseverktøy finn du nyttig statistikk på korleis folk bruker nettsida di. Her gir vi deg våre tips til kva tal det er lurt å følgje med på.

Innebygd i Squarespace finn du eit verktøy som heiter «Analytics». Her kan du finne nyttig informasjon om korleis folk nyttar nettsida di, og om den faktisk fungerer som du ønskjer.

Kvifor bry seg om analysetal?

Sjå på det slik: Ville du ha starta ein butikk i den lokale gågata, men aldri sjekka kor mange kundar som er innom, om kundene er fornøgde eller om dei faktisk kjøper noko?

Vi trudde ikkje det, nei.

På same måte er det med nettsider. For å finne ut kva som funkar og ikkje, må ein rett og slett sjå på korleis nettsida presterer, finne forbetringsområder, teste og justere. Og for å få til det treng vi analyseverktøy som til dømes Squarespace Analytics.

Hovudkategoriar i Squarespace Analytics

Heilt overordna er Analytics-verktøyet delt inn i fire hovudområder: 

  1. Overview: Gir deg mellom anna oversikt over sal frå nettsida, besøk på nettsida og geografi på dei besøkande.

  2. Commerce: Verktøy for nettbutikkar som selger produkt på nett. Her finn du oversikt over salg og kjøpstrakt.

  3. Aquisition: Her finn du ut kor trafikken til nettsida di kjem frå, og kan sjå kva søkeord folk har nytta for å finne deg i søkemotorane.

  4. Engagement: Lar deg sjå mellom anna kva undersider som er mest besøkt, klikk på knappar og skjema som er sendt inn – med meir.

Desse tala meiner vi at du bør følgje med på:

1. Visits: Kor mange besøk får du?

Det mest grunnleggande først: Innunder “Traffic” finn du statistikk på antal besøk til nettsida di.

Her kan du sjå totalt antal besøk (“visits”), kor mange av desse besøka som var frå unike personar (“unique visitors”) og kor mange sidevisningar du har fått totalt (“pageviews”). Ved å klikke på dei ulike fanene øvst på sida (sjå skjermbildet under), kan du óg få opp ein graf som visualiserer tala.

Hugs at du kan tilpasse kva tidsperiode du ser på, ved å klikke i nedtrekksmenyen oppe til høgre (sjå skjermbildet under, kor det står “Last 30 days”).

Under “Traffic” kan du sjå antal besøk til nettsida (visits), antal unike besøkande (unique visitors) og sidevisninger (pageviews).

2. Bounce rate: Er dei besøkande aktive på nettsida?

Ein kan gjerne oversette “bounce rate” til fluktfrekvens på norsk. Dette er eit tal som viser prosentvis kor mange av dei besøkande som går rett ut frå nettsida di igjen uten å interagere (klikke, scrolle etc.). Med andre ord, dei “bouncer”.

Det finst diverre ikkje nokon fasit på kva som er ein god eller dårleg bounce rate, sidan det vil variere frå nettside til nettside. Men som ein tommelfingerregel kan ein sei at alt mellom 26 og 70 prosent er innafor normalen.

Er fluktfrekvensen høg, kan det vitne om at dei besøkande anten ikkje finn det dei leiter etter, at dei har møtt på eit teknisk problem eller at dei rett og slett var komen til feil plass. Uansett bør du følgje med på dette talet. Blir det for høgt, kan det hende du bør vurdere å gjere nokre endringar på nettsida.

Fana “Bounce rate” gir deg oversikt over fluktfrekvensen på nettsida.

3. Top Devices: Brukar dei mobil, PC eller nettbrett?

“Top Devices” viser deg om nettsida blir mest besøkt frå mobil, PC (desktop) eller nettbrett. Her ser vi ein liten overvekt av brukarar frå mobil.

Vi har alltid mobilen med oss i lomma, så ein skulle nesten tru at dei fleste nettsider får mest besøk derfrå. Men vår erfaring er at det avhenger av kva type bransje ein driv i, kor kundane er fysisk når dei besøker nettsida og kva modus dei er i når dei gjer det.

Sel du til dømes eit rekneskapsprogram, er det sannsynleg at dei fleste kundane besøker nettsida di når dei er på jobb. Då er det óg meir sannsynleg at dei sit ved ein PC-skjerm enn på mobilen.

Eit anna døme på kvifor “Top Devices” er interessant: Om fleirtalet besøker nettsida di på mobil, er det ekstra viktig at den ser bra ut og fungerer godt i mobilvising. Då er det óg lurt å ha dette i bakhodet når du jobbar med tekstar og innhald på nettsida. Til dømes vil ikkje lange, samanhengande tekstavsnitt gjere seg like godt på ein liten mobilskjerm.

4. Geography: Kor befinn dei seg?

Denne er nok spesielt aktuell om ein driv på tvers av landegrenser, men kan óg vere interessant for dei som berre har kundar i Norge. Under “Geography” kan du sjå både land, region og by/område. Dette kan vere nyttig for å sjå kor du er mest “populær” i dag, og om du treff dei riktige folka.

Om du til dømes berre har forretning i Fredrikstad, er det ikkje så bra om all trafikken din kjem frå Bergen. Då må du kanskje gjere det enno tydlegare kor du befinn deg, og finne nye måtar å nå folk i området på.

5. Traffic Sources: Kor kjem trafikken frå?

Noko av det mest interessante er å sjå kor folk kjem frå når dei finn vegen inn til nettsida di. Har dei søkt på Google, klikka dei på ein Facebook-post eller skreiv dei nettadressa di direkte inn i nettlesaren?

Traffic Sources fortel oss om kilden til trafikken, altså kva kanal den besøkande kom frå. Ved å sjå på desse tala, kan du finne ut om markedsføringa du gjer i dei ulike kanalane faktisk skapar trafikk til nettsida - og kor du eventuelt bør leggje inn ein ekstra innsats.

Direct: Direktetrafikk til nettsida. Skriv til dømes inn nettadressa, eller har den lagra som bokmerke.

Social: Har klikka på ein lenke i sosiale media som Facebook, LinkedIn og Instagram.

Search: Har søkt på Google eller i ei anna søkemotor.

Email: Har klikka på ein lenke i ein e-post eller eit nyheitsbrev.

Referral: Har klikka på ein lenke på ei anna nettside, som til dømes samarbeidspartnarar, nettaviser o.l.

Under “Traffic Sources” kan du sjå kva kanalar som skapar trafikk inn til nettsida di - her visualisert i ein graf.

6. Search Keywords: Kva søker folk på for å finne deg?

Viss vi berre ser på dei som kom til nettsida di via Google-søk, er det interessant å vite kva for eit søkeord det var dei søkte på for å finne deg.

Skreiv dei fleste inn navnet på bedrifta di i søkemotoren? Eller søkte dei på eit produkt eller ein teneste du tilbyr? Kva er det eigentleg folk søker etter som gjer at dei havnar på di nettside?

Å sjå på søkeorda kan gi deg eit godt innblikk i kva folk er interesserte i, kva dei ser etter og kva søkeord som gir deg trafikk.

Og ikkje minst: Du kan sjå kva søkeord du kom opp som eit forslag på, men kor folk heller valde å klikke inn til ein konkurrent.

NB! For å kunne sjå søkeorda må du koble opp Google Search Console til nettsida di. Har du ikkje dette på plass på Squarespace-sida di enno, kan du ta kontakt med oss i Gasta for å få hjelp.

7. Site Content: Kva innhald på nettsida besøker folk mest?

Under “Site Content” kan du sjå korleis brukarane interagerer med nettsida di. Du kan mellom anna sjå kva sider som blir besøkt mest, kor lang tid dei besøkande bruker på sida og bounce rate for dei ulike sidene.

Denne oversikten er nyttig for å sjå kva tema og undersider dei besøkende er interesserte i, og for å kunne vurdere kva innhald som fungerer godt i dag og kva som fungerer mindre godt.

Sider med høg bounce rate eller kor dei besøkande berre er på sida i eit veldig kort augeblikk, bør ein kanskje vurdere å arbeide litt meir med. Finn dei det dei ser etter? Er innhaldet presentert på ein god måte? Korleis er brukaropplevinga på sida?

På same måte kan ein sjå på dei sidene som blir lite besøkt, og prøve å finne ut kva som er grunnen til det. Er det noko ein kan gjere for å få meir besøk her? Er sida synleg nok, og er innhaldet godt nok?

Puh! Det var ei lang liste. Vi er imponerte over at du hang med heilt til slutt.

Vi veit at det kan vere litt overveldande å skulle sjå på og analysere alle nettsidetala sjølv. Vi i Gasta hjelper mange av våre kundar med analyse og optimalisering, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss viss du har ei Squarespace-side og treng litt hjelp til å tolke tala.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Lansering av tre ganske forskjellige nettsider

Neste
Neste

Kva er ein visuell identitet?