7680 arbeidstimar i kortform.

 

2017 er historie. 2018 ligg framfor oss, og vi ser veldig lyst på månadane som kjem. Her er ein kort "statusrapport" med litt av det vi gjorde på dei 7680 timane vi jobba i 2017:

 

Babyboom

2017 starta med tre tilsette ute i mamma- og pappapermisjon på ein gang. Dårleg planlegging:-). Men vi er hoppande glade for at Ema, Viktor og Hedda er blitt ein del av Gasta-familien.

 

Sølv er nederlag, men 4.plass....

Squarespace informerte oss om at vi er på 4.plass på verdsbasis når det kjem til antal nettsider produsert på Squarespace. Klare for å innta pallen i 2018!

 

First we take Vienna...

Milepæl for Gasta! Konsulentfirmaet StrategySprints, med kontor i Wien og Berlin, valde Gasta som leverandør av nye nettsider. Vi er klare for fleire internasjonale oppdrag i 2018.

 

Sogn og Fjordane Teater

Oppussing av gammal nettside for langvarig kunde. Og plutseleg var designer Frode Berge tilbake i Gasta etter fire år i KLP!

 

Ålhytta

Hytteleverandør med ikonisk design. Artig prosjekt med mykje koding for Simon Falkauskas. Koding er stas!

 

Viking Valley

Etter hektisk byggjeverksemd opna Viking Valley i Gudvangen. Vi er imponert over innsatsviljen og glade for suksessen dei opplever! Vi bidrog med nettsider.

 

Finst ikkje dårleg vær, berre...

Sommarfesten til Gasta & Vardahei IT vart som vanleg ein stor suksess. Elendig vær, men Årdal, Utladalen og vår gode kunde Klingenberg hotel leverte varene - og Hilde Nes hadde full kontroll på gutta.

 

Nok eit everk

Fitjar Kraftlag fekk nye sider i november. Og nå i desember har vi starta opp med nye nettsider til Fusa kraftlag. Power!

 

Ekspert på fjellstyre-webar

Full rulle med nettsider for Norges Fjellstyresamband og fjellstyra rundt om i landet på hausten i Gasta.

 

Eg ve te Bergen...

I oktober flytta designer Ingar Midtbø til Bergen. Før han tok med seg kattane sine laga han nettside for Sogn dyreklinikk med sine eigne kattar som fotomodellar. Cute!

 

Deutsche schule i Oslo

Aus, bei, mit, nach, zeit, von, zu...Sit som støypt. Sikkert difor Gasta vann oppdraget med å lage nettsider til Deutsche Schule i Oslo...

 

Din økonomiske rådgjevar

Ny logo, grafisk profil, merkevare, powerpoint og nettsider. Det meste vart pussa opp i prosjektet vi hadde for Økonomiservice as.

 

Stor suksess!

Haugen Gardsmat måtte stenge sin nettbestilling av julemat. Alt utseld! Kan ikkje bli betre enn det. 

 

Ikkje stor suksess!

Ranheim-kampane er gløymde. OBOS-ligaen here we come. Gasta har teikna ny sponsor-avtale med Sogndal fotball. Saman i medgang, saman i motgang. Basta. 


Det var 7680 arbeidstimar i 2017 i kortform.

Med dette ønskjer vi alle eit GODT NYTT ÅR  - og ser fram til spennande samarbeid med våre kundar i 2018.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nye nettsider for Brødrene Aa

Neste
Neste

Ny mobilapp til Squarespace