Nettsider i Squarespace, utvikla av Gasta.
Vi er eit norsk design- og kommunikasjonsbyrå spesialisert på Squarespace. Nettsidene våre byggjer merkevare og fungerer der kundane leitar, i Google og i AI-søk.
650+ nettsider | Squarespace Enterprise | Platinum Partner | 25+ års byråerfaring
Merkevare som utgangspunkt.
Squarespace som plattform.
Det har aldri vore enklare å lage ei nettside, og med AI kan du komme langt på eiga hand. Men ei god nettside krev at ein forstår bedrifta, målgruppene og måla. Difor startar vi med merkevara, innhaldet og strategien, ikkje med ein mal.
Deretter byggjer vi nettsida i Squarespace. Fordi vi berre jobbar i éi plattform, går produksjonen raskt, og vi får meir tid til det som gjer nettsida god: strategi, innhald, design, brukaroppleving og finish.
Har du laga eit utkast med AI? Ta det med til oss, så gjer vi det til ei nettside med tydeleg bodskap, god struktur og synlegheit i søk. Snakk med oss
Utvalde nettsider
Vi bruker den same plattforma kvar gong, men resultatet skal aldri sjå likt ut. Sjå nokre av nettsidene vi har laga i Squarespace, med ulike merkevarer, behov og uttrykk.
Nor Tekstil
Ei stor og innhaldsrik nettside, med tydeleg struktur som gjer det enkelt å finne fram i tenester, bransjar og godt fagleg innhald.
Bulbitech
Ny nettside for avansert norsk helseteknologi, med eit reint og moderne uttrykk som gjer kompleks teknologi enklare å forstå.
ZERoh!
Fargerike og leikne nettsider for fleire land, med produkta i fokus og eit fleksibelt oppsett som kan vekse med merkevara.
Zem
Ei moderne nettside for norsk maritim teknologi, der produkt, løysingar og innovasjon får spele hovudrolla.
Ein gjennomprøvd prosess
Ei god nettside startar lenge før vi opnar Squarespace. Vi bruker tid på å forstå bedrifta, merkevara, målgruppene og kva nettsida skal oppnå. Derifrå har vi ein effektiv og gjennomprøvd prosess fram mot ferdig nettside.
1. Innsikt og retning
Vi blir kjende med bedrifta, målgruppene og måla for nettsida.
→
2. Innhald og struktur
Vi finn ut kva de skal seie, korleis innhaldet skal organiserast og kva brukarane skal finne fram til.
→
3. Design og utvikling
Vi formar uttrykket og byggjer nettsida i Squarespace, med merkevara som utgangspunkt.
→
4. Kvalitet og lansering
Vi testar, justerer og kvalitetssikrar på mobil og desktop før nettsida går live.
Squarespace - ei effektiv plattform
Vi er det einaste byrået i Noreg med Squarespace Enterprise-status, og har laga over 650 nettsider på plattforma. Vi kjenner systemet ut og inn og veit kva som fungerer.
Squarespace gir fleksibelt design utan tung teknisk utvikling og drift. Då kan meir av tida og budsjettet gå til det som gir resultat for bedrifta di.
Bygd for nye søkemønster
Fleire og fleire finn og vel leverandørar gjennom AI-tenester som ChatGPT, Copilot og Google sine AI-svar. Då må nettsida vere lett å forstå, både for folk og for maskiner. Vi byggjer nettsider med tydeleg innhald, solid teknisk grunnmur og truverdige referansar. Det gir det beste grunnlaget for å bli funnen, både i vanleg søk og i AI-søk.
Start med ei AI-analyse
Har du allereie ei nettside? Start med ei AI-analyse. Du får ei tydeleg vurdering av kva som fungerer, kva som bør forbetrast og kvar moglegheitene ligg, og eit kort statusmøte med oss etterpå.
Kva kostar ei nettside?
Nettsideprosjekta våre startar på 30.000 kroner, medan større prosjekt med meir innhald, skreddarsydd design og funksjonalitet ligg høgare. Etter ein innleiande prat kartlegg vi behovet og gir eit konkret pristilbod.
Dette seier kundane:
Fontenehus Norge
«Tilbodet frå Gasta utklassa konkurrentane på grundigheit og forståing av kven vi er og kva vi hadde behov for. Vi trong også ei publiseringsløysing som var enkel å bruke. Der leverte Gasta 10/10.»
Håvard Paulsen, kommunikasjonsansvarleg
Linn Bad
«Gasta har ei løysingsorientert haldning og jobbar alltid med å finne dei beste måtane å utvikle og designe nettsida på. Dei er oppdaterte på teknologi og design, og er ein framtidsretta samarbeidspartnar.»
Linn B. Grønningen, marknadssjef
Røldal skisenter
«Det var en enkel prosess. Et telefonmøte om hva vi tenkte. Etter et par uker leverte de «demoside». Et par uker til, og vi var på nett. Kort fortalt: Gode priser, rask levering, ryddig og fint design og god kundeservice.”»
Oddvar Bratteteig, daglig leder Røldal skisenter
Ta ein prat med Gasta.
Ny nettside, tydelegare merkevare eller meir effekt av markedsføringa? Fortel oss kort kva du ønskjer å få til. Du treng ikkje ha alle svara klare. Vi tek ein uforpliktande prat om behov, løysingar og budsjett.
Det er heilt uforpliktande å ta kontakt.
FAQ
-
Squarespace er eit moderne og brukarvennleg publiseringsverktøy der nettside, hosting og mange funksjonar er samla på éin stad. Det gjer det enkelt å halde nettsida oppdatert, samtidig som løysinga kan byggjast ut etter behova til bedrifta.
-
Prisen kjem an på omfang, funksjonar og kor mykje innhald som skal produserast eller flyttast. Når vi har kartlagt behova dine, kan vi gi eit konkret pristilbod. Du får ein peikepinn på prisnivået her. Squarespace-lisens kjem i tillegg til utviklingskostnaden.
-
Tidsbruken varierer med storleiken på prosjektet, funksjonane de treng og kor raskt innhald og tilbakemeldingar kjem på plass. Vi avtaler ein framdriftsplan saman før prosjektet startar.
-
Squarespace tek hand om hosting og den tekniske drifta av plattforma. Det gjer vedlikehaldet enklare enn med ei løysing der de sjølve må følgje opp fleire separate tillegg og leverandørar. På https://status.squarespace.com/ ser du driftsstatus og oppetid (som alltid er høg!)
-
AI kan hjelpe med å lage eit førsteutkast til tekst og design, og det kan gjere arbeidet raskare. Ei god nettside krev likevel planlegging, tilpassing og kvalitetssikring av innhald, struktur, mobilvising og SEO. Vi bruker AI som eit hjelpemiddel der det gir verdi, og sørgjer for at nettsida skal oppnå dei måla du har med ho. Men du kan og lage nettsida sjølv med Squarespace sin AI-funksjon og så få hjelp i sluttfasen frå Gasta. Les meir om det på SquareKick - Få hjelp til å komme i mål med nettsiden
-
Ja. Squarespace er laga for at de enkelt skal kunne endre tekst, foto og anna innhald. Vi gir opplæring når nettsida er klar, slik at de kjem godt i gang.
-
Ja. Squarespace har innebygde verktøy for sidetitlar, metabeskrivelsar og nettadresser. God synlegheit i søk krev også relevant innhald og godt arbeid med struktur og teknisk oppsett. Vi tek omsyn til SEO når vi utviklar nettsida. Les meir om Squarespace og SEO her.
-
Ja. Squarespace kan utvidast med funksjonar som nettbutikk, nyheitsbrev, timebestilling og kurs. Kva som passar, kjem an på behova dine og kva integrasjonar de brukar.
-
Det finst ingen snarveg eller garanti for å bli nemnd i AI-svar. Men ei tydeleg nettside med relevant, truverdig innhald og godt teknisk SEO gir eit godt grunnlag. Dei same grunnprinsippa for SEO er framleis viktige også i AI-søk, og vi tek omsyn til dei når vi utviklar nettsida.
-
Ja. Vi kan hjelpe med support og vidareutvikling etter lansering. Vi kan også til andre tenester som digital markedsføring og visuell identitet.