Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Ny mobilapp til Squarespace

gasta squarespace analytics mobil.jpg

Squarespace lanserte i går ein ny app for statistikk og analyse. Squarespace Analytics for Mobile gir deg enkel og rask tilgang til dei viktigaste nøkkeltala på nettsida.

Her finn du enkel og god oversikt over:

  • Traffic Overview: både unike besøk, besøk og sidevisningar, og du kan sjølv velje periode for analysen
  • Traffic sources: her får du full oversikt over kva nettsider dei besøkande kom frå
  • Popular content: Viktig! Her er det mykje læring. Sjekk ut kva som blir lest, men også viktig å vere observant på kva innhald som ikkje blir lest.
  • Activity log: Veldig fin! Her ser du besøkande med ip-adresse, nasjonalitet og kva dei gjorde på sida.
  • Device type: her får du oversikt over kor stor andel av besøkande som brukar mobil, nettbrett eller PC. 

Denne app`en eit "must have" for alle som administrerer ei nettside basert på Squarespace! Enklare kan ikkje webanalyse bli!
Tilgjengeleg for både Apple og Android - og er gratis.

Gasta Design