Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Nye nettsider for Brødrene Aa

I mars 2003 jobba vi for første gang med Brødrene Aa på utvikling av merkevare, ny logo og nettsider. Det var også starten på ei ny strategisk retning for selskapet med fokus på båtar - og kun båtar - i karbon. 14 år seinare er selskapet blitt verdsleiande på produksjon av hurtigbåtar i karbonfiber.

Eit industrieventyr det har vore ei glede å vere med på!

18. januar lanserte vi nye nettsider for Brødrene Aa. Lanseringa kjem samtidig med at dei utvidar sin produksjonskapasitet og treng fleire tilsette. Vi har også utvikla ein rekrutteringskampanje og innhald under www.braa.no/career.  

Nettsidene er basert på Squarespace og utnyttar funksjonaliteten i dette gode verktøyet til det fulle gjennom bruk av store foto og fullformat video. Designet er blitt modernisert og innhaldet redusert og meir spissa. 

 

 

Gasta Design