Desse fire AI-verktøya får du i Squarespace

Squarespace satsar for fullt på kunstig intelligens. Nye AI-funksjonar kjem stadig til, og fleire av dei er bygde direkte inn i verktøya du allereie brukar.

Her er fire AI-verktøy det er verdt å kjenne til:

1. Clarkson – AI-assistenten i Squarespace

Clarkson er Squarespace sin nye AI-assistent. Tanken er at du skal kunne bruke vanleg språk for å få hjelp til oppgåver direkte i Squarespace.

Clarkson kan mellom anna hjelpe deg med å endre tekst og bilete, opprette produkt og rabattar, lage e-postkampanjar, administrere kontaktar og analysere trafikken på nettsida. Du kan også bruke Clarkson til å gjere endringar i designet.

Når du er innlogga i Squarespace, ligg Clarkson chat lett tilgjengeleg.

2. Text AI – hjelp til å skrive

Squarespace har AI-verktøy for tekst direkte i publiseringsløysinga. Du kan få hjelp til å skrive førsteutkast, omskrive eksisterande tekst eller lage innhald til mellom anna nettsider, blogginnlegg, produkt og e-postkampanjar.

AI-en kan også ta utgangspunkt i identiteten og innhaldet til verksemda di. Det gir eit betre utgangspunkt enn ein heilt generell AI-chat.

3. AI Visibility – blir du funnen av ChatGPT?

Folk søker ikkje lenger berre i Google. Stadig fleire bruker ChatGPT, Gemini og andre AI-tenester når dei leitar etter produkt, leverandørar og informasjon.

Med AI Visibility kan du sjå om verksemda di blir nemnd i svar frå ChatGPT og Gemini. Du kan teste relevante spørsmål og følge med på korleis synlegheita utviklar seg.

AI Visibility brukar AI credits. Som Gasta-kunde har du heile 120 credits tilgjengeleg kvar månad, andre Squarespace-brukarar har enten 10 eller 20 credits.

Les også: Bruk Squarespace til å sjekke synlegheita di i AI-søk

4. Image Studio – rediger foto med AI

Med Image Studio kan du bruke AI til å jobbe med foto eller illustrasjonar direkte i Squarespace. Det reduserer behovet for å ta turen innom eit eige program for kvar justering.

Image Studio brukar også AI credits. Som Gasta-kunde har du heile 120 credits tilgjengeleg kvar månad, andre Squarespace-brukarar har enten 10 eller 20 credits.

Clarkson og Text AI brukar derimot ikkje AI credits.

AI blir ein del av Squarespace

Det interessante er ikkje berre dei enkelte AI-verktøya, men at AI blir bygd inn i stadig fleire delar av Squarespace. For deg som brukar Squarespace, betyr det at fleire oppgåver kan løysast direkte i plattforma, frå innhald og bilde til analyse og synlegheit.

Og utviklinga går fort. Vi følger med på dei nye moglegheitene og testar kva som faktisk er nyttig for deg som brukar Squarespace.

Har du spørsmål om AI-verktøya i Squarespace? Ta gjerne kontakt med Vidar på vidar@gasta.no.

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, med lang erfaring innan web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

https://gasta.no
Neste
Neste

Ny nettside og tydelegare bodskap for Sognaregionen