Vest-Norges Brusselkontor har fått ny logo, visuell identitet og nettside. Gasta har stått for heile leveransen, som skal gi organisasjonen eit tydelegare og meir heilskapleg uttrykk.
Vest-Norges Brusselkontor (VNB) arbeider for å styrke kontakten mellom Vestlandet og Europa. Frå Brussel følgjer dei europeisk politikk, deler kunnskap og opnar dører for vestnorske aktørar.
No har organisasjonen fått eit nytt visuelt uttrykk og ei nettside som skal gjere arbeidet deira meir synleg og tilgjengeleg.
Ny identitet
Gasta har utvikla ny logo, fargepalett og grafiske element som gir VNB ein tydeleg og gjenkjenneleg profil.
Den visuelle identiteten er vidareført på den nye nettsida, der design og struktur er utvikla for å presentere både organisasjonen, aktivitetane og medlemsfordelane på ein oversiktleg måte.
Nettsida er bygd i Squarespace, slik at VNB enkelt kan publisere nyheiter, oppdatere innhald og vidareutvikle nettsida etter kvart som behova endrar seg.
Gode tilbakemeldingar
Direktør Audun Lysbakken er svært nøgd med resultatet:
– Vi er kjempefornøyd, dere har virkelig gjort en strålende jobb! Veldig mye skryt for siden og profilen.
For oss i Gasta er dette eit kjekt prosjekt å vise fram, ikkje minst fordi vi har fått arbeide med heile den visuelle identiteten, frå logo og fargar til ferdig nettside.
Sjå den nye nettsida: west-norway.no