Ny og leiken nettside for Høgskulen på Vestlandet
Det er alltid kjekt å samarbeide med dyktige fagfolk. Denne gongen har vi utvikla nettsida "Exploratorium", ein digital verktøykasse for utforskande pedagogikk, saman med prosjektgruppe ved HVL.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet for høgare utdanning, med om lag 16.500 studentar og 1900 tilsette. Då er det klart det blir jobba med mange spennande prosjekt parallelt, og vi i Gasta er glade for å kunne ta del i nokre av dei.
Denne gongen har vi samarbeidd med prosjektgruppa EX-PED-LAB, som bringer saman barnehagar, forskarar og kunstnarar for å vise korleis verktstadmetoden kan skape innovasjon i pedagogikken i barnehage og barnehagelærarutdanning.
Som del av prosjektet trengde dei ein plass å samle og vise fram alle ressursane sine på ein brukarvennleg måte. Valet fall på ei nettside i Squarespace ved hjelp av Gasta.
Prosjektgruppa på HVL har sjølv lagt inn alle fagressursane og jobba godt i Squarespace, medan Gasta har stått for design og utvikling.
Og resultatet blei både leikent, oversikteleg og nyttig. Sjekk ut nettsida på lenka under:
“Vi har fått flotte tilbakemeldingar om at dette er ein god ressurs, og vil presentere nettsida for endå fleire barnehagelærarar, studentar og faglærarar neste år””
Vi i Gasta har laga fleire nettsider for ulike prosjekt knytt til HVL, her er nokre av dei:
Faltastisk.no - ein ressurs for fysisk aktiv læring
HVLskape.no - tilbod til studentar innan innovasjon og entreprenørskap
Exploratorium.no - ein digital verktøykasse for utforskande pedagogikk
Skoleklapp.no - eit program til støtte for personalet sitt arbeid med livsmeistring i skulen