Eit visuelt løft for Linn Bad

Fornya webdesign i Squarespace for Norges største produsent av baderomsmøblar.

Baderomsprodusenten har vore ein god kunde av Gasta i mange år. Linn Bad er ei familiebedrift, og har designa og produsert baderomsmøblar i Vik i Sogn gjennom tre generasjonar. Hos dei er det kvalitet, funksjonalitet og design som kjem først, noko som verkeleg reflekterast i produkta dei leverer.

Hausten 2025 var det derimot begynt å bli ei stund sidan nettsida blei designa, og både dei og vi i Gasta kjende at verdiane deira ikkje blei spegla på god nok måte. Det var på tide med ei fornying.

Utviklar Frode Ylvisåker Berge og prosjektleiar Ingvild Helle Hagen har saman med kunden gitt nettsida eit visuelt løft, kor båd startsida, det overordna designrammeverket og produktpresentasjonen er fornya.

Sidan dei allerede hadde nettsida si i Squarespace, og mykje godt innhald, kunne vi spare tid på dette og fokusere på det som var viktigast: eit elegant og brukarvennleg design som byggjer merkevara Linn Bad.

> Besøk den oppussa nettsida: linnbad.no

Vi takkar for nok eit godt samarbeid!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Ny og leiken nettside for Høgskulen på Vestlandet