Nettside på fleire språk - Weglot og Squarespace
Treng du nettsida di på fleire språk, som til dømes engelsk, tysk eller fransk? Med Squarespace sin integrasjon mot Weglot og litt drahjelp frå Gasta, blir språkarbeidet enklare.
Kostnadsbesparande løysing
Før kunne det vere både dyrt, komplisert og tidkrevjande å ha nettsider på fleire språk. Med ei nettside per språk må ein betale for fleire lisensar og arbeide med tekstane manuelt på dei ulike språka.
Weglot gjer språkoversettinga langt enklare og rimeligare å handtere. Du har tilgang til Weglot og kan justere ordval Weglot gjer.
Slik fungerer det
Vi utviklar nettsida på eitt språk og kopler på verktøyet, tekstane blir då automatisk omsett til dei valde språka.
Vi kan kvalitetssikre tekstane, legge inn faste uttrykk og nødvendige ekskluderingar. For andre språk enn engelsk kan det vere nødvendig å hyre inn språkkyndige.
I og med at nettsida og omsetjingane “lever”, er det nødvendig å følgje med over tid.
Vi har eit påslag på kr. 50/mnd. Ein gang i månaden er vi inne i Weglot og sjekkar gjennom at du ikkje betalar meir enn nødvendig.
Vi er Weglot Agency Partner
Det betyr at vi har mange kundar i Weglot, har god erfaring med programvaren og ein eigen kontaktperson hos Weglot, med direkte support.
Nettsider med Weglot
Mange av våre kundar har vald denne språkløysinga, her kan du sjå nokre:
Weglot lisens
Weglot sin prismodell er tilpassa tal språk du treng å omsetje til og antal ord du har på den norske nettsida di. Abonnementet blir enten fakturert via Gasta eller du betaler med ditt kredittkort. Weglot lisensprisar pr mai 2026:
Starter: 1 språk, inntil 10.000 ord - 190 kr/mnd*
Business: 3 språk, inntil 50.000 ord - 320 kr/mnd*
Pro: 5 språk, inntil 200.000 ord - 775 kr/mnd*
Her kan du sjekke antal ord på nettsida di
* Pris basert på gjeldande valutakurs mai 2026, og inkl. Gasta påslag kr 50.
Weglot installasjon
Installere Weglot lisens
Språkvalg i menyen (flagg eller tekst)
Lage subdomene ex. en.dittdomene.no
Eksludere sider, element eller script
Innføring i Weglot, korleis redigere ord og setje opp “Exclusions”
Pris for oppstartspakke kr. 5000 + mva
Unngå å betale for unødvendige omsetjingar i Weglot
Weglot prisar abonnementa etter kor mange ord som blir omsette. På større nettsider kan ein derfor raskt hamne på eit dyrare abonnement enn nødvendig.
Gasta tek eit påslag på kr. 50,-/mnd for Weglot. Vi er då inne i Weglot ein gang pr. månad og sjekkar:
Ryddar i ubrukte omsetjingar. Slettar du ei side i Squarespace, vil omsetjinga fortsatt ligge igjen i Weglot.
Ekskludering av sider og blokker som ikkje treng fleire språk.
Set opp “exclusions” slik at ord, stadnamn o.l. ikkje blir omsette.
Slik held vi i fellesskap ordtalet nede og du unngår å betale for meir enn nødvendig.