Kviknes Hotel – frå ny nettside til fast digitalt samarbeid

Kviknes Hotel i Balestrand har teke imot gjester frå heile verda i generasjonar. Med ei storslått plassering ved Sognefjorden, rik historie og eit hotell fullt av særpreg, er Kviknes ein destinasjon i seg sjølv.

Gasta har utvikla ei ny nettside som skal formidle den unike atmosfæren og inspirere fleire til å oppleve hotellet. I dag samarbeider vi også tett om digital marknadsføring, synlegheit og vidareutvikling.

Om prosjektet

Fagområde: Nettside, digital markedsføring

Kunde: Kviknes Hotel

Gjennomført: 2025 (kunde sidan 2002)

Nettside: kviknes.no

Ei nettside som gir lyst til å reise

Store bilete, tydeleg struktur og enkel navigasjon står sentralt på den nye nettsida. Her får både historia, romma, maten og opplevingane rundt hotellet god plass. Målet har vore å skape ei nettside som inspirerer, gir gjestene informasjonen dei treng og gjer vegen til booking så enkel som mogleg.

Synlegheit gjennom heile året

Samarbeidet held fram etter lansering. Gasta hjelper Kviknes Hotel med innhald, søkemotoroptimalisering (SEO), digital annonsering, analyse og vidareutvikling av nettsida. Gjennom fast oppfølging jobbar vi for å styrke den digitale synlegheita og nå både nye og tidlegare gjester når dei planlegg sitt neste besøk til Sognefjorden.

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Emilie Brynjulfsen, rådgivar
emilie@gasta.no
918 91 939

Forrige
Forrige

Vest-Norges Brusselkontor - Visuell identitet | Nettsider

Neste
Neste

Nor Tekstil - Nettsider