Namsskogan Familiepark

Namsskogan Familiepark i Trones er ein av dei største turistattraksjonane i Trøndelag med sine 53.000 besøkande.

Sommerens beste dag

Namsskogan Familiepark og Namsskogan Hotell i Trones i Trøndelag vart frå januar 2020 fusjonert inn i eit felles selskap. Dei hadde to separate nettsider, og hadde eit ønskje om å skape ei felles, salsretta nettside for det nye selskapet. Vårt oppdrag starta difor med ein grundig prosess rundt målsetting, brukarbehov og informasjonsdesign.

 

Call-to-action

Namsskogan Familiepark & Hotell as hadde eit sterkt ønskje om ein meir salsfokusert og mindre omfangsrik nettside. All detaljinformasjon om dyra i parken er fjerna. Her er det fokus på å gi enkel oversikt over alt du kan oppleve i parken - og så skal det vere lett å booke. Vi utvikla ei eiga, dynamisk menylinje (“sticky menu”) som er enkel for kunde å oppdatere, der besøkande lett kan bestille billett og overnatting.

 

Frå WordPress til Squarespace

Kunden valte å gå over frå WordPress til Squarespace som publiseringsverktøy, og la i prosessen stor vekt på at verktøyet er enkelt i bruk. Bli kjent med Squarespace her. Vi takkar for godt samarbeid med Sarah Chirico-Wyss & Co.

Og til slutt - ta turen til Namsskogan Familiepark og opplev “Sommerens beste dag”

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Røldal Skisenter

Neste
Neste

Simas IKS