Simas IKS

Simas er eit spennande avfallsselskap med mykje fokus på sirkulær økonomi. Nye nettsider skal gjere viktig informasjonen lettare tilgjengeleg for abonnentane.

Mykje informasjon - lett tilgjengeleg

Simas.no er ei nettside med mykje informasjon. Problemet har vore at det er vanskeleg å navigere i all informasjonen. Så her har vi jobba mykje med å strukturere og forenkle informasjonen. Ved å plassere mange knappar sentralt på sida som enkelt og kjapt kan endrast, kan den viktigaste informasjon oppdaterast etter årstid og aktualitet.

 

Dei to viktigaste knappane

Eit anna viktig grep har vore å forenkle seks hovudknappar til to. Vi har brukt statistikk til å sjå kva folk leiter etter og klikkar på, og behaldt dei to knappane folk brukar mest. Avfallskalender og miljøstasjon er viktig.

Inne på disse sidene har vi forenkla og korta ned informasjonen til det nødvendige, slik at det skal vere kjapt og enkelt å finne det ein lurar på.

 

Enkel illustrasjon som skal sei mykje

Vi har jobba mykje med riktig uttrykk på illustrasjonen. Balansen mellom å få fram sirkulær økonomi og gjere illustrasjonen til ein bakgrunn som ikkje tek for stor plass, har vore litt vrien. Men vår illustratør, Emma Kenny, har løyst denne oppgåva med glans, saman med kunden. Illustrasjonen er forlenga med einsfarga bakgrunnar rundt på sida, som har fått eit «papplag» over. Dette for å gi eit miljøvennleg inntrykk, samtidig som Simas får ein litt meir leiken profil.

 
Dette er eit mykje enklare «arbeidsverktøy» for abonnentane våre – det er her dei går for å søke informasjon dei er på jakt etter. Det er den viktigaste funksjonen til heimesida.
— Hallvard Thomassen, direktør SIMAS
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Namsskogan Familiepark

Neste
Neste

Verdistiftelsen