Vest-Norges Brusselkontor - ny identitet for Vestlandet i Europa
Vest-Norges Brusselkontor (VNB) arbeider for å styrke samarbeidet mellom Vestlandet og Europa. Frå kontoret i Brussel følgjer dei utviklinga i EU, deler kunnskap og hjelper vestnorske aktørar med å finne nye moglegheiter for samarbeid og finansiering.
Gasta har utvikla ny logo, visuell identitet og nettside for VNB. Med eit heilskapleg visuelt uttrykk og ei stilrein nettside i Squarespace har organisasjonen fått ein tydelegare profil og ein fleksibel digital plattform for både medlemmar og andre interesserte.
Om prosjektet
Fagområde: visuell identitet, nettside
Kunde: Vest-Norges Brusselkontor
Gjennomført: 2026
Nettside: west-norway.no
Ein visuell identitet inspirert av Vestlandet
Som ein del av prosjektet har vi utvikla ny logo, fargepalett og grafiske element som gir Vest-Norges Brusselkontor ein tydeleg og gjenkjenneleg identitet. Den grønturkise hovudfargen er inspirert av den vestlandske naturen, med fjordar, fjell og grøne landskap.
Vi har også utarbeidd ulike malar som gjer det enkelt for VNB å bruke den nye profilen i den daglege kommunikasjonen. Den visuelle identiteten er vidareført på nettsida og skaper ein tydeleg samanheng mellom dei ulike flatene.
Eigen medlemsportal i Squarespace
Den nye nettsida samlar nyheiter, arrangement og fagleg informasjon på éin stad. Alle kan melde seg på nyheitsbrevet, medan medlemmane får tilgang til eksklusivt innhald gjennom Squarespace Member Sites.
Her finn dei mellom anna Notatserien med faglege oppdateringar om aktuelle EU-saker, opptak frå VNB Direkte og informasjon knytt til årsmøte og generalforsamling. Løysinga gir VNB ein enkel måte å dele relevant kunnskap og medlemsinnhald på, med innlogging og tilgangsstyring direkte i Squarespace.
Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!
Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619