Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Merkevareplattform

Gode merkevarer blir skapt gjennom konsistent kommunikasjon over tid. Det startar med å finne eit merkeløfte - og det er strategiarbeid.

Merkevarebygging handlar om å etablere mentale marknadsandelar i skallen på kundar og publikum. Du ønskjer å bli lagt merke til, likt og føretrekt framfor andre tilbydarar. Merkevarebygging er noko som, for ein bedriftsleiar, bør vere like naturleg å tenke på som eit org.-nummer, bankkonto og kaffi til dei tilsette.

Merkevareplattform

Det første ein gjer i en merkevareprosess, er å utvikle ei merkevareplattform. Dette er fundamentet! Essensen her er ofte å komme fram til eit merkeløfte. Det er dette som er strategi - val av løfte. Det er difor vi må djupt inn i bedrifta og kartlegge ein del ting - ofte med forretningsmodellen som eit godt utgangspunkt. I fellesskap kartlegg vi:

  • Visjon
  • Kjerneverdiar
  • Posisjonering
  • Merkeløfte eller kjernen i merkevara

Merkevarehistorie - din "elevator pitch"

Når folk spør kva du driv med, eller du i eit møte skal introdusere di bedrift, vinn du mykje på å ha ei enkel og god merkevarehistorie. Ein god innøvd presentasjon av bedrifta, i korte trekk. Dette er det amerikanarane kaller "elevator pitch" - ein god presentasjon som du rekk å seie i løpet av ein kort heistur. Den reflekterar visjon og posisjon (merkeløfte), men seier meir - og triggar interesse hos kunden.

I dag blir denne historia meir og meir viktig. I ei nettverd full av støy, har du ikkje lang tid til å få interessa hos kundane. Du har ikkje ei heil brosjyre - du har to-tre setningar. Dette er ein kritisk presentasjon der du enten vinn interessa hos kunden - eller tapar den. Så her krevst ein del arbeid med ord og formuleringar, noko vi gjerne hjelper deg med.

Vi er ikkje ekspertar på strategi, men gjennom eit samarbeid med kunden har vi god erfaring i å skape design og kommunikasjon som gir effekt over tid. Og det med eit klart merkeløfte som gjer salsarbeid og kommunikasjon lettare. Slik vi mellom anna har gjort for Gloppen hotell: "Lokale smakar. Historisk miljø", Sunnfjord Industri: "Fagfolk på stål" og Brødrene Aa: "Fuel-efficient fast ferries in carbon fibre".

Ønskjer du å ta ein prat rundt det å bygge ei solid merkevare? Ta kontakt med Vidar Bondevik.

Tilbake til Tenester