Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Vi er fjerde størst på Squarespace

SQUARESPACE-PARTNARAR: Sjølv om ikkje fjerdeplass er verd ein medlaje, er det vel lov å jubla litt?  Illustrasjon: Andy Illustrasjon

SQUARESPACE-PARTNARAR: Sjølv om ikkje fjerdeplass er verd ein medlaje, er det vel lov å jubla litt?  Illustrasjon: Andy Illustrasjon

I oktober fekk vi ei gledeleg melding frå Squarespace: Vi er deira 4. største samarbeidspartnar.

Det er det vel grunn til å juble over? Squarespace er eit amerikansk publiseringsverktøy med kontor i New York, Oregon og Dublin - og med over 500 tilsette. Dei har rundt 1,8 millionar brukarar i heile verda. Då er det moro å vere 4. største samarbeidspartnar, med rundt 300 nettsider som vi har utvikla og designa i Gasta. Dette gjer oss til det einaste skandinaviske byrået på Squarespace si oversikt over «Specialists». Dette gjer oss jo litt stolt.

Å vere ein del av Specialists gir oss betre tilgang til nyheiter, support og informasjon frå Squarespace, i tillegg til at det styrker vår visjon om å bli best i Skandinavia. Ønskjer du ei nettside i Squarespace, skal du vite at du får eineståande kvalitet hos oss.

Fellestrekk med Apple

Squarespace er ei programvare som har mange fellestrekk med Apple: Design og brukarvennlegheit er i fokus. Dei har full kontroll på heile produktet, og når dei lanserar nye funksjonar er det godt testa.

Tidlegare har vi i Gasta nytta både DotNetNuke og WordPress. I februar 2014 valde vi å gå over til Squarespace for å fokusera på eit publiseringsverktøy. Det å drifte og oppretthalde sikkerheita var for tidkrevjande når ein heile tida måtte oppdatere plugins. Oppdaterer ein ikkje plugins, er risikoen stor for at ein får driftsproblem og nettsider blir utilgjengelege.

Difor har det vore ein draum åytteb jobbe i Squarespace, både for oss og kundane våre. Tida til support har gått betydeleg ned fordi programvara er enklare og har mindre feil.

Flytta alle kundane over i 2015

For å bytte publiseringsverktøy, måtte vi bruke mykje av 2015 på å overføre heile kundebasen til Squarespace. Men vi angrar ikkje eit sekund. Kundane verker å vere utelukkande positive. Dei har fått kanskje det enklaste og mest moderne publiseringsverktøyet, i tillegg har vi god erfaring med konvertering. Vi opplever at kundane ofte får ei auke i besøket, slik til dømes Kviknes Hotel - med 48 prosent auke i besøket.

Vil du gå over til Squarespace?

Det er ikkje ein dum idé. Vi hjelper deg gjerne - enten du ønskjer ei ny nettside, vil skifte plattform/legge innhaldet over eller har spørsmål rundt Squarespace.

 
Gasta Design