Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Tre gode nyheiter frå Squarespace

Få bakgrunnsvideo på nettsida, lag nye undersider på 1-2-3 og server kundane bloggpostar som lastar fire gonger raskare på mobil!


1. Bakgrunnsvideo på nettsida

Heildekkande bakgrunnsvideoar er nå tilgjengelig i dei alle fleste malane i Squarespace. Dette er etterlengta! Med ein video som går i loop, får du ein dynamisk effekt som skapar fint liv på heimesida. Videoane spelar utan lyd og gjer ikkje sida tyngre å laste.

Alt du treng er ein URL frå Youtube eller Vimeo. Du kan velje mellom eit utval av filtre, legge på ”overlay colors” og avgjere fart på avspelinga. Desse verktøya gir deg mulegheit til å fintune den stemninga, atmosfæren og visuelle oppleving du ønskjer å gi kundane.


2. Design-hjelp på undersider/landingssider

Squarespace gir deg nå fleire val når du skal bygge ei ny underside eller landingsside. Dette gjer at du kan designe ei fin underside på 1-2-3 ved bruk av ferdige malar.

Du kan velje ei blank side som tidlegare, og byggje den opp frå botn. Men ønskjer du hjelp til design er dette nå ferdig sett opp for deg. Du klikkar for å editere bilde og tekst i boksane – og kan sjølvsagt slette dei elementa du ikkje ønskjer, tilføre element eller flytte på dei slik du ønskjer. Enkelt og brukarvennleg.

Slik kan du samle inspirasjon og hjelp til å designe undersider like a pro!


3. AMP-sidar som laster 4 gonger raskare på mobil

Squarespace annonserte nyleg at dei nå støttar Googles opne kildekode Accelerated Mobile Pages (AMP). Dette er kanskje for spesielt interesserte, men ein god ting for deg som er oppteken av å gi mobilvennlege sider til dine kundar.

Med AMP vil bloggpostar blir skrellet for alt anna støy enn sjølve innhaldet i bloggen. Dette gjeld når du opnar bloggposten på mobil. Om kundane dine søkjer etter noko i Google og får opp din bloggpost, får dei opp ei enkel og ren utgåve av bloggen – utan logo, meny, reklame og anna støy som kan gjere lastetida tregare.

Raske nettsider blir meir og meir viktig. Sjølv ein forseinking på nokon sekunder kan koste deg sidevisningar og engasjement. AMP-sider vil gi kundane dine bloggpostar som lastar vesentleg raskare. Google meiner det er snakk om ei lastetid som i gjennomsnitt er fire gonger raskare - og bruker 10 gangar mindre data enn ei side som ikkje er AMP.

Med andre ord, er det berre å produsere relevante blogginnlegg – og snakke med oss om du ønskjer at dine innlegg skal bli optimalisert for mobil. Det er ein enkel operasjon.

Gasta Design