Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Ny nettside? Redd for å miste Google-rangering?

Kviknes hotel, Balestrand

Kviknes hotel, Balestrand

Dersom du vurderer å legge nettsida over til eit meir moderne publiseringsverkøy, er det alltid ein risiko for at du kan tape rangering i søkemotorar som Google. Men ved å gjere ein solid jobb kan du også oppleve det motsette, som Kviknes hotel opplevde.

Squarespace følgjer med i endringane til Google, og er kjend for å vere eit godt system for deg som skal arbeide effektivt med søkemotoroptimalisering (SEO). Ved å følgje vår "best practice" ved overgangen, er vi trygg på at du vil oppleve vekst i nettside-besøk.

Før du flyttar til Squarespace

Hovudgrunnen til at du kan miste Google-rangering er at du endrar adressestrukturen (URL) på undersidene. Kundar og andre linkar gjerne til sider hos deg, og denne endringa kan påverke din rangering. Difor er det viktig at vi gjennomgår URL-ane nøye. Sider med ny URL bør ha ei sokalla "301 redirect" som gjer at søkemotorar får beskjed om at nettadressa er endra.

Behald domenet

Det er viktig å behalde domenet. Dersom domenet til dømes ligg hos Domeneshop, kan det berre forbli der. Vi treng kun tilgang til å endre på DNS for å dirigere trafikken inn til sida. Tenk deg om før du endrar til nytt hovuddomene. 

Lag 404-side

Hvis ein kunde skriv feil adresse i nettlesaren, eller har ein link til eit gamalt blogg-innlegg utan "301 redirect", er det viktig at brukaren kjem til ei side som gjer at han lett kan komme vidare. Det heiter 404-side og er noko vi lagar som del av eit webprosjekt.

Google Search Console

Når innhald er lagt over og nettadressene er sjekka, registrerar vi sidene i Google Analytics og Google Search Console, og ber dermed om at Google indekserer sidene.

Kurs i SEO

Det er blitt mindre teknisk komplisert å arbeide med søkemotoroptimalisering (SEO). På vårt introduksjonskurs i Squarespace gir vi tips om konkrete tiltak du bør gjere når du produserer innhald til nettsida.

Ingen grunn til å vente

Vi har erfaring frå over 200 nettsider som er blitt migrerte til Squarespace. Vi kan ikkje gi garantiar, men for dei aller fleste blir omlegging til ny side ein solid suksess. Som det vart for Kviknes hotel:

I perioden jan-april 2016 hadde vi 48% vekst i besøket til www.kviknes.no. Squarespace er i tillegg utruleg lett å jobbe i og har spart meg for mykje tid.
— Theodor Sigurdsson Kvikne, webansvarleg Kviknes hotel
Gasta Design