Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Vi elskar å lage nettsider i Squarespace

Photographer Mantas Kubilinskas-7.jpg

Squarespace er rett og slett eit genialt verktøy, både for oss som utviklar og designar - og for deg som er brukar.

Squarespace er det vi kallar eit content management system (CMS), eller eit publiseringsverktøy. Om Squarespace er ukjent for deg, har du kanskje høyrt om Wordpress, Joomla eller DotNetNuke. Dei er alle forskjellige CMS. Vi har prøvd ulike løysingar til våre kundar, men har aldri vore meir tilfreds enn nå.

Etter å ha nytta oss av Squarespace i over tre år, og utvikla snart 300 nettsider i denne programvara, kan vi ikkje seie anna enn at det er eit genialt verktøy.  

100 prosent fleksibilitet

Først og fremst er det ei programvare med 100 prosent fleksibilitet. I første omgang kan du enkelt tilpasse design i ein mal. Gå inn i menyen under design og still på fargar, fontar og størrelsar.

På neste nivå har vi det som kallast CSS-koding. Skulle du ønskje forandringar utover det malen tilbyr, kan ein av våre utviklarar gå inn og kode om. Du kan flytte boksar, gjere om på menyfargane, få rammer og få inn fleire funksjonar. Som denne menyen hos Sognenett.

På øvste nivå har du developer mode. Her er det så godt som ingen avgrensing. Utviklarane våre kan gjere mykje moro her, det er berre snakk om tid. 

Les også: Dette seier våre kundar om Squarespace

Inline editering: Du trykker der du vil redigere og jobbar direkte.

Inline editering: Du trykker der du vil redigere og jobbar direkte.

 

Inline editering

Ein annan ting som er genialt, er det vi kallar inline editering. Du trykker direkte der du vil editere og jobbar rett på sida. Då vil det sjå ut som det gjer når du trykker lagre, du treng ikkje forhåndsvisning, som i f.eks WordPress. Dermed er det lett å flytte på ting og sjå direkte korleis elementa blir i forhold til kvarandre før du lagrar – noko som er praktisk når sida ligg live.

Dra og slepp

Set du opp eller redigerer ei side, er det gjort med sokalla drag and drop. Du hentar inn elementa du ønskjer, og flytter dei rundt. Du kan få bilda i, over, under eller på sida av teksten. Ta bildet og dra det større eller mindre. Når du er nøgd, trykker du save og det blir publisert direkte. Enklare blir det ikkje!

Drag and drop: Du kan dra bilda rundt og sleppe dei der du vil.

Drag and drop: Du kan dra bilda rundt og sleppe dei der du vil.

 

Ein leverandør

Ein anna fordel med Squarespace er at alle funksjonar er styrt av same leverandør. Det er ikkje 100 plugins levert av ulike underleverandørar. Dermed veit du at det funkar når du lanserer.

Oppdater med ein app

Squarespace har ein app du kan laste ned på din mobil. Denne appen gjer det muleg å oppdatere artiklar, driftsmeldingar eller liknande. Har du tilsette som jobbar mykje ute i felten og som treng å oppdatere status på utvikling, driftsmeldingar eller liknande, er ein slik app genial.

Ekstremt brukarvennleg

Fleira av punkta over viser at programvaren er usedvanleg enkel for deg som brukar. Du kan redigere rett i Squarespace og flytte elementa rundt som du vil ved hjelp av drag and drop. Du kan enkelt søkemotoroptimalisere sida, legge til bilde og knytte deg opp mot sosiale medium.

Prøv Squarespace du òg, så skal du sjå at du elskar det som vi gjer!

Gasta Design