Har du ein SEO-strategi?

Ønskjer du å bli god på SEO, bør du ha ein SEO-strategi i botnen.

Strategi er ofte eit litt “flåsete” begrep, for kva er eigentleg ein SEO-strategi? Ein SEO-strategi er ein overordna plan på korleis du skal optimalisere nettstaden din for å rangere høgt i søkemotorane. SEO-strategien bør innehalde kva som er dine nøkkelord/søkeord, kven er målgruppa, kva innhald som vil engasjere målgruppa og kva kanalar du bør bruke for å nå dei.

Men først litt grunnleggande, kvifor skal du bruke tid og pengar på SEO?

Kort oppsummert: du skal bruke tid og pengar på SEO for å gjere deg synleg for kundar og potensielle kundar. Men SEO er på ingen måte kort eller enkelt. Sannheta er at det nok er eit hav av moglegheiter for korleis du kan forbetre SEO på din nettstad. Men hvis eg skal avsløre alle tipsa, då ville det jo ikkje blitt mykje jobb på meg. Det vil også vere store varisjoner for kva som vil hjelpe for kvar enkelt av dykk som lesar denne artikkelen, du skal likevel få med deg nokre grunnleggande tips som kan vere lurt å tenke på når du arbeider med nettsida.

 

Korleis lage man ein god SEO-strategi?

  1. Kartlegg målgruppa


    Kven er lesar av ditt innhald? Kven er dine kundar? Ikkje fortel alt til alle. Knut på 50 år og Sara på 18 år vil (mest sansynleg) ikkje engasjera seg i det same, heldigvis kan ein sei. Dess meir spissa innhaldet ditt er mot målgruppa du ønskjer å treffe, dess betre treff du. Det kan føre til at du treff færre, men dei treff vil vere mer tilbøyeleg til å kjøpa ditt produkt/teneste. Søkemotorene vil oppfatte om folk bruker tid inne på nettsida og belønne deg for det. Tenk kvalitet, ikkje kvantitet.

    Hugs at du kjenner kundane dine best. Del dei inn i nokre målgruppar, alt etter interesse, geografi, alder, kunnskap e.l.. Deretter bør du definere kva målgruppe som treng oppmerksomheita di. Kanskje er du allereie lett å finne for hovudmålgruppa di, og difor er det ei mindre målgruppe som treng oppmerksomhet?

  2. Ha fokus på kvalitet i innhald

    Kva fortel du lesaren? Korleis fortel du det same bodskapet, men til ulike målgrupper? Kanskje har du eit bodskap som skal nå ut til alle? Då bør du bruke tid på å tenke ut ulike måtar å sei det samme på, og spisse innhaldet inn mot målgruppa du ønskjer å treffe. Her må ein prøve seg fram, eg kan lova deg at du antakelig ikkje treff blink på første forsøk og hamnar rett på topp. Likevel har du nok gjort meir enn du trur, du er i gang og det er meir enn du var før du starta. SEO er ikke gjort på ein dag, det tek tid. Men etter fleire år som digital marknadsførar kan eg love at sjølv små justeringar kan gjere store utslag. Ei lita endring i filnavnet på bileta frå feks IMG-999 til Gasta_SEO-Strategi(berre for å ta eit heilt tilfeldig eksempel, vi ønskjer jo absolutt ikkje å bli funnen på SEO-strategi.), KAN føre til at søkemotorar anser innhaldet ditt for å vere litt meir truverdig og kanskje du hoppar opp ein plass. Det vi veit er at innhaldsproduksjon over tid, med dei riktige nøkkelord/søkeorda vil gje resultater. Ei anna ting vi veit er at å lage engasjerande innhald ikkje nødvendigvis er så lett. Treng du hjelp med innhaldet, har vi fleire som kan bidra med innhaldsproduksjon.

  3. Vel dei smarte søkeorda

    Bruk litt tid på val av søkeord/nøkkelord, for det er faktisk noke av det viktigaste du gjer. Uansett kor mykje innhald du klarar å produsere, alene eller ved hjelp av AI, så vil det ikkje hjelpe om du ikke har valgt riktige søkeord. Vi hjelp deg gjerne med å finne ut kva som vil vere smart å fokusere åpå. Saman kan vi finne kombinasjoner som gjer at du blir funnen for de som faktisk er relevant for deg. Eit tips frå meg (sidan eg lova du skulle få noke ut av dette): Nokre generelle søkeord er det høg konkurranse på, og dermed og vanskeleg å bli funnen. Om man kombinerar ordet med f.eks. geografi kan det vere lettare å bli funnen.

    Eit eksempel på dette er ordet “fysioterapeut” som (per 16.04.24) har 880 søk per månad, medan søkeordet “Fysioterapeut Voss” har (per 16.04.24) 110 søk per månad. Det høyres kanskje bra ut å få nesten 900 nye kundar per månad, men ein må hugse på at den som søker etter kun fysioterapeut kan sitte i Kautokeino, og er med andre ord ikkje særleg relevant for ein som er fysioterapeut på Voss. Det vil også vere fleire om beinet på søkeordet Fysioterapeut enn Fysioterapaut Voss, rett og slett fordi du konkurrerar mot heile landet.

    Les også: Slik finn du riktige nøkkelord

  4. Val av kanalar

    Korleis får du lesaren til å lese innhaldet du no har brukt så mykje tid på? Google er tilbakehalden med mykje informasjon, men ein ting er sikkert: Innhald med høgt lesartal og lang lesetid, gir resultatar i søkemotoroptimalisering. Difor bør du nytte ulike kanalar (Facebook, Instagram, TikTok, LinkedIn, Nyheitsbrev, annonsering i google/sosiale medier, programmatisk annonsering for å nevne nokre) for å sende folk inn for å lese innhaldet ditt. Har du eit innhald med høgt besøkstal, vil du bli meir synleg i søkemotorar på dei søkeorda du vil bli funnen på.

    Då må du skape innhald som kan delast i ulike kanalar, og her er det særdeles lurt med ein strategi. Ikkje berre pøs ut ting i sosiale medier fordi “vi må få ut noke, samma kva”. Hvis innhaldet ikkje held ein viss kvalitet, då får du heller ingen gevinst. Arbeid bortkasta. Produser innhald av kvalitet og legg gjerne ein plan for korleis bedrifta di vil framstå i dei ulike kanalane. Skal det vere ei profesjonell tone eller meir folkeleg stil? Korleis vil du bli oppfatta? Og ja, det er lov å velge begge delar. Du kan vere personleg på Instagram og seriøs bedrift på f.eks. LinkedIn. Men ein ting skal du vere klar over, algroritmar likar personleg og ansikt.

    Eit anna viktig poeng er at du ikkje treng å vere over alt. Du må ikkje vere på facebook, instagram, Tiktok og LinkedIn. Hvis du berre har tid til å vere aktiv og halde vedlike facebooksida, så er det betre å gjere det godt der enn å gjere det halvvegs på alt. Eg gjentek: Kvalitet framfor kvantitet. Er det noko det allereie florerer av på nett, så er det innhald av dårleg kvalitet.

  5. Mobiltilpasning

    Dette veit eg du har hørt før, men her kjem det igjen. Er ikkje nettsida god på mobil, så er ikkje nettsida di god på noke (satt voldsomt på spissen). Vi veit at 52% av den generelle befolkningen i verden primært brukar mobilen til å søke i følge Hubspot, eg seiar med andre ord ikkje dette for å mase. I følge SSB brukar 95% av nordmenn google som sin søkemotor, det betyr at vi må innfri googles krav. Google krev verkeleg at nettsida fungerar på mobil. Særleg om du har 7.1 er det viktig at du alltid sjekkar mobilversjonen.

  6. Prøv deg fram

    Om du no sitt og tenkjer “huff, dette verkar vanskeleg”, hugs at det ikkje treng å vere heilt riktig frå start. Alle må lære seg å gå før dei kan løpe, eller noko i den duren… Fordelen med nettet er nettopp at du kan endre og justera seinare – ingenting er hogd i stein. Har du ein gjennomtenkt strategi, då har du ein plan å forholde deg til. Heilt til du ser at planen ikkje var god nok eller fungerar lengre. Då justerer du og ser om det blir betre. Eit siste tips, sidan du fortsatt er her: ikkje gjer masse endringar på ein gong, korleis skal du då vite kva som utgjorde forskjellen?

    Når du har funne nokre framgangsmåtar som ser ut til å fungere, då veit du kva du gjorde for å komme dit. For det står jo i strategien din.

Om du treng hjelp til eit eller fleire av punkta eg har nemnt, eller er du berre nysgjerrig på tipsa som ikkje ble nemnt? Ikkje nøl med å ta kontakt for ein prat om SEO og di nettside.

 
Ellen Emilie Stangeland

Ellen er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar mykje med Squarespace og SEO. Ho likar å halde seg oppdatert om siste nytt frå Squarespace og anna teknologi.

ellen@gasta.no

Forrige
Forrige

Megameny i Squarespace 7.1

Neste
Neste

Verktøyet som gjer det enkelt å konvertere til Squarespace 7.1