Megameny i Squarespace 7.1

Vi ser at mange av våre kundar er gode på å produsere innhald på nettsidene. Ofte opplever desse at menyen etter kvart blir uoversiktleg og vanskeleg å navigere i for brukaren. Då kan ein megameny vere løysinga.

Lite er meir frustrerande enn å besøke ei nettside med dårleg navigasjon. Kompliserte menyar og dårleg brukarvennlegheit kan vere nok til at brukaren forlet nettsida utan å ha fått gjort det han eigentleg kom for å gjere. Slikt tapar ein kundar på.

Særleg for store nettsider med mykje innhald og informasjon, kan dette vere ei utfordring. Men heldigvis: Med ein megameny kan ein i mange tilfeller løyse problema.

Kva er ein megameny?

Ein megameny, eller mega menu på engelsk, er ein type toppmeny eller navigasjonsmeny som ein kan nytte på nettsider. Med ein megameny kan ein utvide menyen for å vise mange val i ei todimensjonal oversikt. Eller litt enklare forklart: Det er ein stor menyboks som viser deg alle hovud- og undersidene på nettsida samtidig, slik at du enkelt kan klikke på den sida du leiter etter.

Fordelar med megameny:

  • Enklare navigering. Betre oversikt over innhaldet gjer det enklare å finne det du er på jakt etter

  • Færre klikk. Du ser alt innhaldet på ein gang, noko som kan redusere tal klikk

  • Betre for søkemotor. Kan bidra til at søkemotorar lettare forstår strukturen på nettsida, og dermed  legg grunnlaget for betre rangering.

Korleis få megameny i Squarespace 7.1?

Megameny er ikkje standard i Squarespace 7.1 heller, men kan lett implementerast og du må rekne med rundt 3-4 timars arbeid med koding og design. Når megamenyen først er sett opp, er det enkelt for deg å endre, legge til eller å flytte på innhaldet slik du ønskjer.

Under ser du litt ulike megamenyer vi har laga. Ver klar over at vi kan tilpasse ein megameny i stor grad til ditt design og behov.

Treng alle megameny?

Nei absolutt ikkje! Har du ei enkel nettside der menyen er oversiktleg og lett å navigere i treng du ikkje megameny!

Eksempler på megamenyar:

Argus Remote Systems

Argus Remote Systems ville ha tilgjengeleg oversikt over produkt og teknologi  

 

Nor Tekstil

Nor Tekstil fekk etter kvart ein uoversiktleg meny,
som vart elegant løyst med megameny.

 

Nasjonalt Villakssenter

Nasjonalt Villakssenter sine nettside har vi tilpassa koden for å få til ein megameny som viser dei riktige overskrifter og strukturen

 

Røldal skisenter

Røldal skisenter har vi også brukt ikon i megamenyen
for å forsterke fokusområder. Foto kan også brukast.

 

Maritime Battery Forum

Ein ryddig megameny på Maritime Battery Forum. “Login” og “Become a member” er lagt som eigne knappar ved siden av menyknappen for å framheve desse.

 

Sunnaasstiftelsen

Sunnaasstriftelsen fekk etter kvart ein rotete meny,
som vart rydda opp i og løyst med megameny.

Interessert i megameny?

Ta kontakt med oss i Gasta.

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, og har lang erfaring med web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

Forrige
Forrige

Verdsleiande innovasjon under vatn - frå dyktige folk i Bergen

Neste
Neste

Har du ein SEO-strategi?