Fjellsportfestivalen med ny nettside

Til helga er det duka for fjellsportfestival i fjellsporthovudstaden Sogndal.

Då velter det inn med fjellentusiastar i Sogndal, i alle aldrar. Det er mykje latter og skiglede, fagleg input og afterski. Det vekker liv i frivilligheita, her er det mange som bidrege år etter år.

Ny nettside i Squarespace

Fjellsportfestivalen er ein kunde vi har jobba med i fleire år, og er ein engasjert gjeng med festivalskjef Kamilla Marifjæren i front. I haust fekk dei nye nettsider, laga for å lett kunne byte ut profilfargen frå år til år. Kul side, synast vi!

Kjenner du til historia om denne festivalen? Den er unik og kan lesast meir om her.

Vi gler oss og ønskjer lykke til!

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Verktøyet som gjer det enkelt å konvertere til Squarespace 7.1

Neste
Neste

Nytt videoprosjekt for Lerum: – Vi vil vise det ekte og ærlege