Squarespace + Google Search Console

Som det første publiseringsverktøyet på marknaden har Squarespace lansert ein heilt unik integrasjon med Google Search Console.

squarespace+google+search+console+ekspert.jpg

Med eit kjapt tastetrykk i Squarespace kan du få oversikt over kva søkeord (nøkkelord) som driv trafikk til sida, og du kan følgje med på kva Google-rank desse har og kor mange som klikkar seg inn til sida di etter å ha søkt.

Dette fungerer veldig bra, og er heilt supert for deg som vil gjerne følgje med på dine nøkkelord, men ikkje kan tenke seg å gå så djupt inn i Google Search Console.

Aktivere nettsida i Google Search Console

GoogleSearchConsoleGIF_v06.gif

Du må først aktivere nettsida di i Google Search Console.

Då vil Google Search Keyword Panel dukke opp i Analytics i hovudmenyen (sjå foto).

 

Følg med på fire nøkkeltal

Med denne koplinga kan du heile tida følgje med på og fokuserer på fire nøkkeltal eller KPI`ar:

Klikk (Clicks)

Dette gir deg talet som kom inn på nettsida di etter å ha søkt på eit gitt nøkkelord.

Visningar (Impressions)

Viser dei som såg link til nettsida di i sitt søkeresultat, sjølv om dei ikkje klikka på akkurat din link.

Klikkrate (Click Rate)

%-av dei som fekk di side opp i søket og som klikka på link inn til di side (Klikk/Visningar x 100)

Gjennomsnittleg Google posisjon (Avg. Position)

Dette er den gjennsnittlege posisjonen nettsida di har på eit gitt nøkkelord i det angitte tidsrommet. Om du er på 4.plass i eit søk, og 6.plass om ein annan søkjer, er det altså gjennomsnittet på 5 som, vil vise her (4+6/2)

Vil du vite meir om Squarespace og søkemotor, ta gjerne kontakt med oss.

 

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

15 fjellstyre har fått lansert nye nettsider

Neste
Neste

Squarespace og booking-programvare