Squarespace app - oppdater nettsida på mobil eller nettbrett

Squarespace+app+gasta.jpg

No kan du administrere nettsida frå mobil og nettbrett!

Squarespace har lansert ny app for både Apple og Android mobil som lar deg oppdatere nettsidene når du ikkje har ein PC tilgjengeleg. Så no kan du oppdatere nettsida når som helst, og kvar som helst!

Om du treng å publisere ein artikkel, oppdatere opningstider eller legge til ei instilling, kan du gjere dette i appen når du er på reise eller du tykkjer det er meir praktisk. Du kan lett lage nye blogg/aktuelt-artiklar eller redigere sider eller element på nettsida.

Gasta har fleire energiverk som bruker denne app`en til å legge ut driftsmeldingar. Og Squarespace-appen har den velkjende stilen og utsjånaden som du kjenner frå PC-versjonen.

 

Appen er svært praktisk om ein skal:

  • Oppdatere eller rette feil når ein er vekke frå PC

  • Spare tid ved å leggje til foto til galleri direkte frå telefonen din

  • Skrive og redigere nye blog-postar

  • Gjennomgang av nyleg oppdaterete sider og web-trafikkanalyse

Last ned Squarespace app gratis i dag

Du kan laste ned app`en på Google Play (Android) eller App store (Apple). Søk etter Squarespace. Legg inn ditt brukarnamn og passord i Squarespace - og du er i gang!


FAQ - Squarespace app

Kva «blocks» kan eg legge til i appen?

Du kan leggje til dei mest populære «blocks» gjennom appen. Sjølv om ein ikkje kan leggje til alle på noverande tidspunkt, er det planar om å leggje til fleire ved kommande oppdateringar

Når bør eg bruke Squarespace app i staden for andre mobilappar til Squarespace?

Ein får tilgang til å gjere endringar på farten og med ein gang, men det er likevel situasjonar ein bør bruke andre appar:

  • Analytics App – Sjå meir statistikk utover basic trafikk, og gå gjennom data meir detaljert for spesifikke områder på nettsida
  • Commerce App – Administrere ordre, shipping, produktr og meir for nettbutikken din
Gasta Design