Ein god footer kan gi deg fleire kundar
Ein gjennomtenkt footer skaper tillit, gir oversikt og hjelper brukaren vidare. Her viser vi kva ein god footer bør innehalde.
Footeren til Gasta.no
Mange har ein footer på plass, men langt frå alle brukar den aktivt. Footeren er meir enn berre informasjon, den påverkar korleis verksemda di blir oppfatta og kan styrke både identitet og profesjonalitet.
I tillegg kan ein god footer styrke synlegheita di i søkemotorar og AI-søk. Difor er det lurt å legge ned litt tid i å forbetre footeren din.
Dette bør footeren innehalde:
Kontaktinfo og grunninfo: Gjer det enkelt å ta kontakt. E-post, telefon og gjerne adresse (eller i det minste stad). Ha gjerne klikkbare lenker på e-post og telefonnummer, slik at det er raskt og enkelt å ta kontakt.
Navigasjon: Har du mykje innhald, kan det vere smart å lenke til viktige sider som ikkje nødvendigvis ligg i hovudmenyen. Til dømes: Om oss, Tenester, Ledige stillingar, FAQ eller kundeservice.
Juridisk og tillit. Dette er viktigare enn mange trur. Sørg for lenker til personvern og bruk av informasjonskapslar (cookies). Ta gjerne med organisasjonsnummer. Dette signaliserer seriøsitet.
Sosiale medium. Lenk til relevante kanalar (men berre dei de faktisk brukar aktivt).
Sertifiseringar og utmerkingar: Er de Miljøfyrtårn? Gasellebedrift? Eller har andre relevante sertifiseringar? Då er dette fint å ha med i footeren – gjerne som logoar for rask visuell tillit. Lenk gjerne vidare til ei underside som forklarer meir om arbeidet bak.
Call to action (valfritt, men smart): Til dømes: Meld deg på nyheitsbrev, bestill eit møte eller last ned noko. Footeren er ein fin plass for lågterskel konvertering.
Treng du eit blikk på footeren din? Vi gir deg konkrete råd til kva som kan løftast. Klikk her for å kontakte oss.
Om du driv nettbutikk, er dette eit must
For deg som driv nettbutikk er footeren heilt sentral. Både for å skape tryggleik og for å oppfylle krav.
Kundar som vurderer å handle, vil ofte leite etter praktisk informasjon før dei bestemmer seg. Difor er det viktig at salgsbetingelsane dine er lett tilgjengelege, slik at kunden forstår korleis kjøpet fungerer når det gjeld betaling, levering og ansvar. Dette er lovpålagt å opplyse om.
I tillegg må du ha tydeleg informasjon om både angrerett og retur. Kunden må vite kva rettar dei har dersom noko ikkje stemmer, og korleis dei går fram. Dette er også lovpålagt, og heilt avgjerande for å skape tryggleik i kjøpsprosessen.
Du må også informere om personvern og bruk av cookies. Dette er ein naturleg del av ei profesjonell nettside i dag, og bidreg til å skape openheit rundt korleis du handterer data.
Når desse elementa er på plass i footeren, gjer du det både enklare og tryggare for kunden å velje deg.
Kjenner du at noko manglar, eller er usikker på om footeren din oppfyller krava? Ta gjerne direkte kontakt med meg, marianne@gasta.no