SIMAS med ny informasjonskampanje

Det lokale avfallsselskapet SIMAS ønskjer at vi skal bli flinkare til å sortere plastemballasje.

– Med kampanjen «Gi plasten nytt liv» håper vi å auke bevisstgjering og kunnskapsnivået. Vi vil motivere til sortering og gi informasjon om gevinstane ved rett handtering av avfallet, fortel SIMAS-direktør Dagny Karin Ugulsvik Alvik.

Saman med SIMAS har vi utvikla konseptet, med det visuelle, vinklinga og innhaldet. I første omgang har vi rulla ut selve kampanjen for å gi kjennskap til kva den seier, kvifor og korleis vi skal engasjere. Etter kvart kjem det meir informasjon, fakta og inspirasjon.

– Sist vi gjorde ein slik kampanje handla det om matsvinn, og då såg ein gode resultat av informasjonsarbeidet ved at innbyggarane blei meir bevisste og sorterte betre, fortel SIMAS-direktøren.

No gjentek vi suksessen og håpar å sjå like gode resultat av plastkampanjen!

Banner på SIMAS sin Facebook-side.

Post på Instagram

Bli med på å gjere ei skilnad du óg: Sortér. Resirkulér. Behald plasten i kretsløpet.

Sjå kampanjen: Gi plasten nytt liv

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Gasta har blitt Squarespace Circle Platinum Partner

Neste
Neste

Ledig stilling: digital rådgivar