Gasta har blitt Squarespace Circle Platinum Partner
Vi har oppnådd status som Squarespace Circle Platinum Partner – det høgaste partnarnivået i Squarespace sitt program for profesjonelle designarar og utviklarar.
Dette er ein status vi har oppnådd etter over 10 år med å utvikle nettsider på Squarespace-plattforma. Vi har i løpet av dei 10 åra utvikla over 600 nettsider i dette verktøyet! No har vi oppnåd Platinum Partner-status, i tillegg til at vi er Enterprise-kunde i Squarespace.
Som Platinum Partner får vi mellom anna prioritert støtte hos Squarespace, noko som gir raskare hjelp ved behov. I tillegg får vi tidleg tilgang til nye funksjonar, slik at vi kan teste og tilpasse løysingane før dei blir lanserte for alle.
Det betyr også at vi er ein del av eit fellesskap av profesjonelle som deler kunnskap og erfaringar for å skape betre digitale opplevingar.
Dette er bra for alle kundane som har nettsida si hos oss.