Sei hei til studenten Fredrik!

Fredrik Ringen er hos oss i 8 vekers praksis for å fullføre bacheloren sin i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda.

– Å bruke praksisperioden til å lære av dei mest kompetente i feltet, samtidig som eg får vere i Sogn, er ein perfekt kombinasjon for meg.

Fredrik har god erfaring med både foto, film, tekst og sosiale medium – og driv sitt eige innhaldsproduksjonsselskap på si. Seinast fredag var han å sjå som fotograf på Sognafest. I tillegg jobbar han iherdig med å lære seg Squarespace, og tilpasse nettsider etter behova til kunden.

– Gasta jobbar med sjukt mange forskjellige kundar. Eg har allereie klipt video av gyteklår laks, og teke bilete av sider-emballasje, for å nemne noko. Breidda av bedrifter som tek nytte av kompetansen her er ganske kult å sjå!

Opphavleg er 27-åringen frå Fredrikstad, men har dei siste åra slått rot på Vestlandet. Spesielt her i Sogn. Når han ikkje lagar innhald, finn vi han gjerne på ski eller brett, i klatresele i fjellet – eller ute i sjøen med våtdrakt.

– Sjølv om eg har tjukk L og skriv på bokmål, har Sogn rukke å bli heime for meg. Det er fjell, fjord og folk som gjer at studentar som meg vel å bli!

Treng du hjelp med foto, video og tekst dei neste vekene? Då kan du gjerne kontakte Fredrik her: fredrik@gasta.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Ny emballasje til Sognacider

Neste
Neste

Korleis planlegge markedsføringa for 2026?