Korleis planlegge markedsføringa for 2026?
Altså, kva har ikkje endra seg i året som gikk? Det er mykje nytt, men nokre ting kan du likevel halde fast i.
Nettsida di som grunnmur
“Kva betyr nettsida mi no som folk brukar AI-søk?”, er det mange av kundane våre som lurer på. “Blir ikkje nettsida brukt av kundane mine lenger?”.
“JO”, svarer vi i Gasta då. Ho blir bare nytta annleis.
Nettsida er fortsatt den plassen der du eig informasjonen og bodskapen sjølv. Det er her du kan rettleie kva søkemotorar og Chat GPT finn om deg, og korleis du blir omtalt og oppfatta.
Les også: Slik gjer du nettsida klar for AI-søk
Ver synleg fleire stader
MEN, med AI-søk er det ingen tvil om at heilskapen blir viktigare.
Google sin søkemotor sjekkar oftast nettsida di for svar, medan LLM-er sjekkar fleire ulike kanalar. Her kan kjelder som t.d. Facebook, LinkedIn, YouTube, Booking.com bli viktige.
Og så kan det vere kjelder du ikkje visste om - som lister i bransjemagasin, testar eller omtalar du gjerne skulle vor ein del av. Korleis finne dei?
Test gjerne ved å søke opp konkurrentar eller dine fagområde i tenester som Chat GPT. Kva kjem opp?
Når du måla med dagens markedsbudsjett?
Skal ein vere synleg og attraktiv i 2026, må ein prioritere markedsføring i budsjettet. Kor stor del av den totale omsetninga investerer de i markedsføringa i dag? Om du ikkje veit, kan det vere lurt å finne ut (i alle fall grovt sett).
Neste spørsmål er om investeringa de har i dag, er nok - eller burde de auke eller redusere?
Spør deg sjølv: Når vi måla våre med dagens budsjett? Er svaret nei, kan det vere på tide å gjere nokre endringar.
I denne vurderinga vil vi tipse om Synligheit sin graf som viser del av omsetning investert i markedsføring i bedrifta sine ulike faser.
Korleis prioritere?
Den kanskje vanskelegaste biten er å vite korleis ein skal prioritere. Kva er viktigast og må kome først? Kva skal få mest ressursar? Kva kan de gjere sjølv, og kva treng de hjelp med?
Ingen klarar alt aleine. Vi i Gasta jobbar fast med mange av kundane våre, kor vi kan fungere som sparringspartnar, innhaldsprodusent eller designar.
Det vi er opptekne av er å spele deg god, sånn du kan jobbe smartare med markedsføringa di. Kva du ønsker å gjere sjølv og kva vi skal hjelpe med, finn vi ut av.
Sparre med ein rådgivar om markedsføringa for 2026? Ta kontakt med oss, så ser vi på det saman.