Ny emballasje til Sognacider
Foto: Fredrik Ringen
Vi har utvikla ny, flott emballasje for siderprodusenten på Slinde.
Sognacider blir produsert av Stig Johnny og Ann Kitty Buvik, som driv Norane Fruktgard. Dei er ein lokal siderprodusent i Sogn, med hjarte for faget.
Ideen om å produsera sider kom på terrassen deira, der dei sat med utsikt over Sognefjorden og Fimreite (der det historiske slaget stod i 1184).
I 2022 vart sideren Gjest lansert som deira første siderprodukt. Då utvikla vi emballasjedesignet på boksen. No har vi vidareført uttrykket til pappemballasje for sekspakning.
Emballasjen er designa av Hilde Nes, som har hatt fokus på eit reint og friskt utrykk som fungerer godt både i butikk og i kjøleskapet heime. Vi synest resultatet blei nydeleg!
Det er ekstra kjekt å få vere med og vidareutvikle ei merkevare frå ein av siderprodusentane her i Sogn, siden regionen har stolte tradisjonar og nyleg fått geografisk beskytta nemning for siderproduksjonen!
Hilde viser nøgd fram emballasjen.