Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Open source is dead

For nokre veker sidan var eg i eit møte med ei bedrift som skulle utvikle ny nettside. Dei stilte som krav til det nye systemet at dei skulle drifte nettsida på eigen server. Ein direkte uøkonomisk og lite framtidsretta tanke! 

Det fekk meg til å reflektere litt over endringane som har skjedd dei siste to åra på teknologien rundt publiseringsverktøy (CMS): 

Sentral drifting

Open-source verktøy som DNN (DotNetNuke) , WordPress, Joomla og Drupal legg opp til at vi som leverandørar driftar nettsidene på eigne serverar. På verdsbasis er det altså tusenvis av bedrifter som Gasta som bruker store ressursar på oppgraderingar, sikkerheitspatcher ol. for å halde serverane oppe. Dette er lite rasjonelt og unødvendig dyrt for deg som kunde. Nå ser vi at løysingar som Squarespace med sentral drifting vinn fram. Dei har betre oppetid, betre kompetanse og det blir totalt sett rimelegare for alle partar.

Valfridom

Open-source som tankegang er appellerande. Det å kunne velje modular/plugins som du kan koble til kjernesystemet er ein fin tanke. Men som leverandør er det heilt avgjerande å kunne standardisere på eit fåtall modul/plugins-leverandørar. Sjansen for at denne plugin-leverandøren ikkje eksisterar om eit år er heilt reel, og noko vi har bittert fått erfare. Då blir valfridomen til kunden ikkje så stor likevel. Det er ikkje interessant at det finst 8.000 ulike bannerplugins å velje mellom, som leverandør vil du jo helst berre bruke ein!

Enkelt i bruk

Ei nettside basert på DotNetNuke, WordPress, Joomla eller Drupal består av eit kjernesystem og så modular/plugins utvikla av små selskap over heile verda for å dekke behov som blogg, bannerbilder, skjema, bildegalleri. Det positive du får ved "valfridomen", taper du ved at det aldri blir enkelt å bruke desse systema i det daglege. I dei nye verktøya som Squarespace styrer du alt sjølv, alt er integrert i ei pakke. Skal du ta i bruk ein "plugin" klikkar du på plussteiknet inne i Squarespace, og alt fungerar.

Ut med koding - inn med drag & drop

Kanskje det mest positive med framveksten av den nye typen publiseringsverktøy som Squarespace er at du kan utføre alt veldig enkelt ved hjelp av "drag & drop" - og ingen koding. Det betyr at websida blir eit verktøy for deg som marknadsførar.Det skal ikkje vere nødvendig å gå via programmerar for å få ting til. Slikt skaper meir levande nettsider og meir sal!

Open source is dead?

Sjølvsagt ikkje. Det vil alltid vere selskap som har meir avanserte behov, der ei løysing basert på DNN (DotNetNuke) eller eit anna open-source verktøy er det beste.

Men for 70-80% av oss andre er framtida verktøy som Squarespace...

Hvis Steve Jobs hadde levd og skulle utvikle eit publiseringsverktøy ville han ha utvikla Squarespace. Det føler eg meg trygg på....
— Vidar Bondevik, dagleg leiar Gasta
Gasta Design