Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Vi er blitt "specialists"!

Februar 2013 lanserte vi Squarespace som eit alternativt verktøy for å byggje og oppdatere nettsider. 12 månader seinare har vi 35 kundar på Squarespace og vi vart nyleg oppført som "Specialists" på nettsidene til Squarespace - som det einaste selskapet i Skandinavia.

Ein suksess vi er stolte av!

Squarespace som publiseringsverktøy er også i ferd med å bli ein kjempesuksess på verdsbasis. Dei har nå runda 1,8 mill. brukarar og har nettopp opna eige Europa-kontor i Dublin.

Tanken bak heile programvara er heilt motsett av DNN, WordPress og Joomla (open source). Her får du ingen eksterne modular eller plugins du kan koble på. Alt det ei bedrift treng for å lage gode og seljande nettsider er inkludert. Og alt fungerer og er lett å ta i bruk. Og då meiner vi det verkeleg: lett å ta i bruk. Vi har 35 kundar som kan uttale seg om akkurat det!


Kvifor Spacespace?

  • det mest moderne publiseringsverktøyet på marknaden
  • svært enkelt i bruk, mykje "drag & drop"
  • enklare og meir fleksibelt enn Word (sjå video)
  • alt du treng frå ein leverandør (Apple tankegang)
  • foto og fotogalleri? Lett og kjapt! Sjå i videoen under.
  • god på søkemotoroptimalisering og sosiale medium

Squarespace video

Interessert i at nettsidene skal vere enklare å oppdatere? Sjekk først denne videoen:

Gasta Design