Ny logo/grafisk profil? Her er tre gode tips!

Ein gjennomarbeida grafisk profil er grunnmuren i kommunikasjonen og hjelper deg i å framstå tydeleg og konsistent. 
Under finn du tre tips til kva du bør tenkje gjennom før du startar ein prosess med å endre logo og grafisk profil.

Men først, sjekk ut eit lite utval av logoar Gasta har utvikla frå 1998 og fram til i dag:


Tips 1: Plukk fram igjen forretningsidéen

Langt nede i ein Powerpoint finn du sikkert forretningsidéen til selskapet. Formuler han på nytt, forretningsidéen kan vere viktigare enn du trur. Få med kven som er målgruppa i forretningsidéen, kva behov du og dine produkt/tenester skal dekke, og kva spisskompetanse selskapet ditt har. Kjem til du til oss med ein forretningsidé formulert etter ein syntaks som dette, er vi langt på veg i prosjektet:

"Selskap X betjener norske husstander (Målgruppe) som har behov for billeg kjøtt (Behov)  fordi X har dei mest effektive interne og eksterne produksjonssystema (Spisskompetanse)."

Tips 2: Gi oss visjonen din

Hensikten med ein grafisk profil er at han skal speile bedrifta sin identitet. For å kunne gjere det må vi vite litt om visjonen selskapet har. Ingen detaljerte utredninger, heller dine tankar om kvar du ser selskapet om fem år.

Tips 3: Kva løfter gir du kundane?

Rema gir oss løfte om at dei skal vere rasjonelle og billege. Sogndal fotball skal vere best på talentutvikling. Meny gir oss løfte om vareutval og verdi for pengane. CrediCare gir oss løfte om at dei skal ha enkle løysingar og ta vare på kundane sine kundar. Kva er dine løfter til kundane? Tenk gjennom det før du starter ein grafisk profil-prosess, dette er ein veldig sentral av det du byggjer merkevara di rundt.

Og treng du hjelp til slike strategiske problemstillingar, står vi gjerne til teneste.


Kva kostar ein grafisk profil-prosess?

Du skal som regel ha litt meir enn ein logo, det er difor vanskeleg å gje nøyaktig pris - men ein eller annan stad mellom 10.000 og 75.000 kroner (+ mva) må du rekne med.

Korleis kjem du i gang?

Det er enkelt. Først må vi diskutere behovet ditt, så vil du motta eit formelt tilbod. Fyll ut skjemaet under - så tek vi kontakt:

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny mobilapp til Squarespace

Neste
Neste

Ny versjon av Squarespace analytics