Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Nøgne Ø med nye nettsider i rekordfart

«Det kompromisslause bryggeri». Eit slagord som viser at dei er eit bryggeri utan snarvegar, der berre det beste er godt nok.

Med eit sal på 1,5 millionar liter øl i 2015, er Nøgne Ø det desidert største mikrobryggeriet i Noreg. Her ligg det mykje arbeid i marknadsføringa, men til nå har det vore ulovleg å presentera alkoholhaldige drikker på heimesida.

- Ettersom det kom nye forskrifter i haust, hasta det å få på plass nye nettsider, fortel Tom Young, marknadssjef i Nøgne Ø.

Kan vise fram øl

Frå 1. november vart det nye merknader til alkoholloven, som seier at det er lov «... å gi nøktern informasjon, irekna bilde, om produkt på sine heimesider». Dermed kan Nøgne Ø nå presentera alle sine ølsortar med bilde.

- Dette er viktig for oss i bryggeribransjen, så vi starta raskt på nye nettsider. Men vi kom ikkje i mål på eiga hand, vi mangla noko. Gasta skal vere fremst i Norge på publiseringsverktøyet Squarespace, så vi tok kontakt og dei hjelpte oss på veldig kort tid, fortel Young.

Tom Young er marknadssjef i Nøgne Ø.

Tom Young er marknadssjef i Nøgne Ø.

Squarespace - eit godt verktøy

Nøgne Ø hadde eit utdatert system basert på Joomla som var tungvint og vanskeleg i bruk. Dei trengte noko som var meir brukarvennleg og landa på verktøyet Squarespace etter anbefalingar frå fleire.

- Men vi kom til eit punkt når det nærma seg lansering, at vi ikkje klara å få til resten. Vi mangla designaspektet, seier Young.

Simon Falkauskas i Gasta heiv seg rundt då Nøgne Ø tok kontakt, og i løpet av desember kom nye nettsider på plass – der alle øltypane er presentert.

Les også: Dette seier kundane om Squarespace

- Vi har fått mange fine tilbakemeldingar, og er godt fornøgd. Nå har vi vårt eige preg på sida, i lekkert design. Og publiseringsverktøyet er noko heilt anna enn det vi hadde frå før. Det er brukarvennleg og fungerer fint for kunden. Vi får presentert ølen på ein god måte, fortel Young, og legg til:

- Vi er veldig fornøyd med resultatet og takknemleg for at vi fikk hjelp av Gasta på så kort tid.

Og vi i Gasta er glade for å ha ein så kompromisslaus kunde i vår portefølje.

Ta kontakt om du vil ha vår hjelp, du òg.

Gasta Design