No kan du laste opp video direkte til Squarespace

Vi ser alle meir og meir video på nett.

Video er blitt viktigare enn nokon gong. Med ei ny oppdatering har Squarespace gjort det enno enklare å publisere videoar på nettsida.

Ei rekkje undersøkingar viser at vi ser meir og meir video på nett. I sosiale medium, på nettsider vi besøker og via straumetenester som Netflix. Når video blir ein stadig større del av kvardagen, bør du tenkje på om dette kan vere noko nettsida di kan dra nytte av.

Brukar meir tid på nettsider med video

Video og “levande bilder” kan gje nettsida eit visuelt løft og på same tid vere nyttig for brukaren. Visste du at dei besøkande i snitt brukar 88 % meir tid på ei nettside som har video, enn på nettsider som ikkje har det?

Mange av oss føretrekker å sjå video framfor å lese, og då gjeld det å spele på lag med brukaren. Video er eit godt format for å forklare, informere og fortelje om produkt og tenester. Ikkje minst har video ei eiga evne til å vekke kjensler.

Last opp video: Vel “Video” frå menyen. Klikk “Add a video” for å laste opp fila.

Slik lastar du opp video til Squarespace

Der ein før måtte leggje inn video på nettsida via YouTube eller Vimeo, kan du no laste opp filmen direkte i Squarespace.

Klikk på pluss-teiknet for å leggje til eit nytt element, slik du er vand med for å leggje inn tekst eller bilete.

Vel “Video” frå menyen som kjem opp. Deretter kan du klikke “Add a Video” for å laste opp ein video frå datamaskinen.

Merk at filen må vere i eit av desse formata: .mp4, .m4v, .mov.

30 minutt med video per nettside

Per no kan kvar enkelt Squarespace-nettside ha inntil 30 minutt med video lagra samanlagt. Det vil sei at du til dømes kan ha tre videoar på 10 minutt kvar, eller 10 videoar på 3 minutt kvar.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hugsar du å sjekke nettsida på mobil?

Neste
Neste

Kvifor vi elskar Squarespace