Kvifor vi elskar Squarespace

Vi kan ikkje få sagt det nok, men vi berre elskar dette verktøyet! Her gir vi deg seks grunnar til det.

  1. Enkelt å redigere nettsida

    Den kanskje største fordelen med Squarespace, er kor enkelt det er å redigere nettsida. Med editoren kan ein redigere rett i teksten, samtidig som klikk-og-dra-funksjonaliteten gir deg full kontroll på plasseringa av ulike element som tekst og bilder. Aldri har det vore enklare!

  2. Mobilvennleg

    I desse dagar forventer ein at nettsider skal fungere minst like godt på ein liten mobilskjerm som på ein stasjonær skjerm. Med Squarespace blir nettsidene responsive, som vil sei at dei automatisk tilpassar seg ulike skjermstørrelsar. Slik sørger ein for ei god oppleving også på mobil og nettbrett.

  3. Innebygde SEO-verktøy

    For å skaffe besøk til nettsida frå søkemotorane, må ein leggje til rette for at nettsida skal bli tilgjengeleg i søk. Søkemotoroptimalisering (SEO) er blitt heilt nødvendig for dei fleste, og Squarespace gjer dette enkelt og forståeleg - utan at du treng å kople til andre verktøy.

  4. Driftsikkert og trygt

    Squarespace-nettsider er lagra på deira eigen robuste infrastruktur. Her har dei full kontroll på alle delar av produktet, og det er ikkje noko frå andre produsentar som blir drifta på desse serverane. Squarespace-nettsider har så og sei ingen nedetid!

  5. All funksjonalitet lett tilgjengeleg - ingen plugins

    Ein av dei store fordelane med Squarespace er at ein slepp å koble til plugins, slik ein må med til dømes Wordpress. Squarespace er eit alt-i-eitt-system der alle “plugins”, eller blocks, som dei kallar det, ligg tilgjengeleg med eit tastetrykk. Her er alt styrt av Squarespace, slik at du slipp å forhalde deg til ulike plugin-leverandørar.

  6. Innebygd funksjonalitet: nyheitsbrev, intranett, timebooking, nettbutikk

    Direkte i Squarespace finn ein ei rekkje andre verktøy i tillegg til sjølve nettsidebyggaren. Du kan enkelt sende ut nyheitsbrev, lage intranett, sette opp timebooking eller til og med ha ein nettbutikk direkte i Squarespace. Her er det mange moglegheiter!

Vite meir? Ta kontakt med oss for ein uformell Squarespace-prat.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

No kan du laste opp video direkte til Squarespace

Neste
Neste

Innvik med digitalt berekraftmagasin