Hugsar du å sjekke nettsida på mobil?

Gjer du endringar på nettsida di, bør du hugse å sjekke korleis det ser ut på mobil. Slik sjekkar du mobilversjonen enkelt i Squarespace.

Det er sannsynleg at mange av kundane dine ser nettsida di på ein mobilskjerm. Difor anbefaler vi at ein sjekker at mobilversjonen ser fin ut før ein seier seg nøgd med ein ny artikkel eller underside på nettsida.

Heldigvis treng du ikkje finne fram mobilen for å sjekke dette. Squarespace gjer det enkelt ved at du rett i verktøyet kan sjå korleis sida di ser ut på mobil og nettbrett.

Slik sjekkar du mobilvisningen frå ein PC:

Redigeringsmodus på nettsida som du er vand til. Heilt øvst i vinduet ser du ein grå strek (merka med raud pil). Klikk på streken.

Du får opp ikon for mobil, nettbrett og PC. Klikk på ein av dei, så ser du at visninga av nettsida endrar seg.

Her har vi klikka på mobil-ikonet og kan no sjå mobilversjonen av nettsida. Du kan når som helst bytte tilbake til desktop-visning ved å klikke på PC-ikonet.

Fleire Squarespace-tips?

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Festivalsuksess med digital annonsering

Neste
Neste

No kan du laste opp video direkte til Squarespace