Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Nye nettsider for Maritim Forening

Maritim Forening Sogn og Fjordane skal skape nettverk for nyskaping og vekst i havrommet, og hadde behov for tydelegare kommunikasjon og eit meir fleksibelt verktøy for å kunne publisere nyheitssaker om medlemsbedrifter og arrangement.

Nytt design, ny forenkla struktur, klarare kommunikasjon har gitt nettsida riktig fokus ift. dei strategiske føringane Maritim Forening nå har lagt.

Vår designer Frode Berge har også kost seg litt med å legge på "front-end"-effektar som t.d. bevegelse i foto (javascript/css) for å skape ei behageleg brukaroppleving. Og så er alt sjølvsagt utvikla i Squarespace developer mode. Les meir om prosessen med utvikling av nettsider her.

Eit artig prosjekt! Takk til Maria og Kristin for strålande samarbeid så langt.

Sjå nettside: www.maritimsfj.no 

PS! Om kort tid skal vi også få på plass den engelske versjonen av nettsida.

Gasta Design