Finaleplass i USA for Kviknes Hotel si digitale historieforteljing

foto: Kviknes Hotel

Kviknes Hotel er finalist i den internasjonale kåringa Historic Hotels Worldwide Awards of Excellence 2025 – denne gongen i kategorien Best Social Media of a Historic Hotel. For oss i Gasta er det ekstra stas å sjå at eit godt og langvarig samarbeid no ber frukter på verdsscena.

At eit hotell frå Balestrand kan hevde seg blant dei fremste historiske hotella i verda, er ikkje tilfeldig. I fleire år har Kviknes Hotel, saman med oss i Gasta og innhaldsprodusent Ragnhild Myklemyr, lagt ned målretta arbeid for å formidle gjestfridom, kunst og historie gjennom digitale kanalar.

Nominasjonen viser at digital historieforteljing kan vere like kraftfull som tradisjonell marknadsføring – når den er tufta på kvalitet, kontinuitet og autentisk innhald.

– Vi annonserer ikkje lenger i gamal forstand. Folk finn oss på Facebook og Instagram. Vi har hatt veldig god trafikk frå norske gjester i sommar, og det er nok mykje takka aktiviteten på SoMe, fortel Hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Kvikne meiner at slike langsiktige samarbeid gjev både tryggleik og retning:

– For oss på Kviknes har det vist seg at langvarige samarbeid byggjer både kvalitet og kontinuitet, noko me set stor pris på.

Slik har vi jobba saman

Det langvarige samarbeidet har gjort det mogleg å jobbe både effektivt og målretta gjennom heile året. Med faste møtepunkt har vi saman definert og prioritert dei viktigaste målgruppene, og sørga for eit jamt innhaldsløp som følgjer hotellet sitt årshjul. Når det dukkar opp aktuelle saker, har vi hatt korte linjer og gjensidig tillit til å handle raskt – ein avgjerande suksessfaktor i den digitale kvardagen.

I tillegg til organisk innhald har vi òg gjennomført betalte kampanjar i utvalde periodar, for å booste trafikken og nå breiare ut mot definerte målgrupper.

Kombinasjonen av langsiktig planlegging og smidig handtering av det uforutsigbare har gjort samarbeidet både robust og verdifullt.

Dette viser tala

Å planlegge og produsere godt innhald er berre halve jobben – vi må òg måle, for å vite kva som fungerer og når vi bør justere kursen. Tala frå sommaren viser tydeleg effekt: Nettsida har hatt ein årleg vekst på 35 %, og i juli aleine var det over 46 000 besøk – ein auke på 60 % samanlikna med fjoråret. Trafikken kjem i hovudsak frå Facebook, som denne sommaren har gitt ein vekst på over 75 % i visningar.

På Instagram ser vi same positive trend, med ein dobling av interaksjonar. At fleire likar, kommenterer, lagrar og deler innhaldet, er eit klart teikn på at det treff rett målgruppe – og bidreg til å løfte rekkevidda ytterlegare.

Når vi får vere med over tid, kan vi verkeleg bli kjende med historia til kundane våre – og saman skape innhald som rører og engasjerer.

Vi i Gasta er stolte av å ha fått vere med på reisa, og gratulerer Kviknes Hotel med ein velfortent finaleplass!

Treng du ein sparringspartnar på marknadsføringa? Kontakt meg gjerne ragnhild@gasta.no eller 918 80 735.

Ragnhild Myklemyr

Ragnhild Myklemyr er innhaldsprodusent i Gasta design og kommunikasjon. Ho er ekspert på å finne dei gode historiane og formidle dei på vegne av kundane våre.

ragnhild@gasta.no

Forrige
Forrige

Sei hei til Emilie

Neste
Neste

Lansering for to nye Gasta-kunder