Vi måtte utsette resertifiseringa før jul av samansette grunner, men no har vi fått jobba godt med miljøarbeidet vårt og blitt resertifisert som Miljøfyrtårn.
Sidan vi sertifiserte oss som Miljøfyrtårn i desember 2021 har det skjedd mykje, både når det gjeld kriteria for sertifiseringa, den digitale verda og hos oss i Gasta:
Nye kontorlokale med langt betre avfallshandtering, energibruk og innemiljø.
Meir fokus på grøn koding og grønt design, og ikkje minst energibruken som nyttast til AI-verktøy, annonsering og serverar. No har vi etablert tiltak og mål vi skal nå i 2025.
Vi har innført faste, digitale ryddedagar - her har vi mykje å hente!
I tillegg skal vi kommunisere arbeidet vi og kundane gjer innan berekraft betre for å gjere fleire bevisst på fotavtrykket frå digitale tenester.