Har du planlagt markedsføringa for sommarferien?

Ikkje lat nettside og sosiale medium liggje brakk sjølv om dei tilsette er på ferie. Her er det du bør hugse å ha klart før sommaren.

Visste du at sommarferien er høgtid for netthandel, nettsurfing og bruk av sosiale medium? Sjølv om kundane dine ikkje er på jobb, logger dei definitivt ikkje av.

Difor kan det vere lurt å allereie no planleggje korleis du skal halde liv i kanalane gjennom sommaren.

Sikre kontinuitet

I ferien har mange ekstra god tid til å lese artiklar, surfe og handle på nettet. Då er det dumt om kanalane dine ligg heilt brakk. Kva med å lage klar nokre artiklar på nettsida som kan delast gjennom sommaren?

Forhåndspublisering

Dei fleste sosiale medium let deg planlegge innlegg i forkant, slik at dei blir publisert automatisk på det valde tidspunktet. Legg klar nokre postar gjennom sommaren, så slipp du å bekymre deg i ferien din.

Opningstider og kontaktinfo

Hugs å oppdatere opningstidene i Google Min Bedrift og på nettsida di. Gjer det klart for kundane dine kor og korleis dei skal henvende seg i sommar.

Les også: Bli synleg i søk med Google Min Bedrift

Kommentarar og spørsmål

Hugs at god service er med på å byggje merkevaren din, også gjennom sommerferien. Ideelt sett bør nokon vere tilgjengeleg for å svare på kommentarar og meldingar gjennom ferien. Kanskje du kan setje opp ei ferieliste, slik at nokon sjekkar innom av og til?

Treng du hjelp med å lage klart innhald før sommarferien? Ta kontakt med oss, så ser vi på det i lag.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kvifor fortelje om eige miljøfokus?

Neste
Neste

Sjå søkeorda dine med Google Search Console